Interaksjonsdesigner med interesse for klima og natur – Norsk fjellsenter
IT Interaksjonsdesign(5 days ago)
Job Description
Published 01-07-2024
Deadline: 02-09-2024
Interaksjonsdesigner med interesse for klima og natur
Norsk fjellsenter/Klimapark 2469 treng ein Interaksonsdesignar med interesse for kva som skjer av endringar med klima og natur i høgfjellet? Kan du sjå for deg å arbeide med desse fagfelta som interaksjonsdesigner? Vil du vere med på å realisere prosjekt Fjellviten?
Hva vi ser etter
Vi ser etter ein interaksjonsdesigner som kan tenkje seg å arbeide med fagfelta klima og natur. Du må kunne bygge opp ein ny digital formidlingsplattform med forskingsdata frå høgfjellet. Du må ha erfaring med ide- og konseptutvikling. Du må ha evne til å utvikle digitale løysingar med fokus på gode brukaropplevingar. Du må ha evne til å visualisere forskingsdata, slik at det blir spennande å bruke i formidling.
Arbeidsoppgaver
Som interaksjonsdesigner får du ansvar for å etablere digitale plattformar med innhald frå forsking på endring av klima og natur i høgfjellet. Data skal overførast i sanntid og brukast i formidlingssamanheng. Du får gleda av å arbeide med dei fremste forskarane på klima og natur i eit kreativ arbeidsmiljø på Norsk fjellsenter i Lom.
Vi tilbyr
- Kreativt, handlekraftig, fagleg sterkt og triveleg arbeidsmiljø
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Samarbeid med leiande forskarnettverk og dyktige kollegaer
- Høg grad av sjølvstende i arbeidsoppgåvene
- Lønn etter avtale og god pensjonsordning
- Kontorplass på Norsk fjellsenter i Lom
- Bistand og lokalkunnskap til å finne husvere
- Vi er eit team som arbeider med fleire forskjellige arbeidsoppgåvar gjennom eit år. Du må også kunne bidra til å løyse daglege driftsoppgåver.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Norsk fjellsenter orgnr: 972978884 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Norsk fjellsenter arbeider med formidling og informasjon om natur, klima og kultur i høgfjellet. Fjellsenteret syner gjennom si formidling menneske sin bruk av fjellet i førhistorisk tid gjennom dei brearkeologiske funna i utstillinga Frose i tid. Klimapark 2469 er administrert og drifta av Norsk fjellsenter, her formidlar vi klima og natur i endring i høgfjellet. |
Webside | https://www.norskfjellsenter.no/ og https://www.klimapark2469.no/ |
Bransje | IT |
Yrke | Interaksjonsdesign |
Sted | LOM (Adresse: Brubakken 2 Postnr: 2686) |
Stillingstype | Engasjement Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 02-01-2025 |
Søknadsfrist | 02-09-2024 |