Intensivsjukepleiar – Intensiv Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Health and social care Nurse(16 hours ago)
Job Description
Published 09-01-2025
Deadline: 31-01-2025
Intensivsjukepleiar
Intensivseksjonen ved Ålesund sjukehus søkjer engasjerte intensivsjukepleiarar for vikariat frå februar 2025 til 1. september 2025.
Intensivseksjonen er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus og omfattar Kirurgisk intensiv, Postoperativ seksjon og Medisinsk intensiv/hjarteovervaking. Som intensivsjukepleiar her, vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, medisinarar, kirurgar, fysioterapeutar og fleire. Vi set fag i fokus og god opplæring vert prioritert.
Vil du arbeide saman med oss i eit spanande fagfelt med spanande kvardager? Send oss ein søknad i dag!
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Byen med den vakre Jugendstilarkitekturen er vidt kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som tekne ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Sjå meir om byen og omland her.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til intensivpasientar, OVA og postoperative pasientar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Vidareutdanning som spesialsjukepleiar i intensiv er ein fordel.
- Sjukepleiar under vidareutdanning kan også søkje.
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har høg fagleg interesse og evne til nytenking
- Du har gode samarbeidsevner og fungerer godt i teamarbeid
- Du medvirkar til eit godt arbeidsmiljø
- Du er strukturert, fleksibel og ansvarsbevisst
- Du trivst i eit aktivt og hektisk miljø
- Personlege eigenskapar som passar stillinga vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Marit Vatsaas Vinje, Seksjonsleiar, +47 70 10 55 23, marit.vatsaas.vinje@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4903509341
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 31.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Intensiv Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
|
Webside | http://www.helse-mr.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-01-2025 |