Job Description

Published 11-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Intensivsjukepleiar? Bli ein del av MIO-teamet 

Medisinsk intermediær overvaking (MIO) ved Haugesund sjukehus har ei ledig 100 % fast stilling som intensivsjukepleiar i tredelt turnus.
MIO tar imot og behandlar akutt kritisk sjuke pasientar med samansette
og komplekse diagnosar innanfor det indremedisinske fagfeltet. Eininga behandlar pasientar som treng
kardiologisk eller medisinsk intermediær overvaking. Vi behandling
akutt/truande hjarteinfarkt, arytmiproblematikk, hjertesvikt og andre akutte
hjartesjukdommar. Vi behandlar òg pasientar med respirasjonsproblem som har behov
for NIV, ketoacidose, intoxer, actilyse mm.

Hos oss blir du ein del av eit aktivt og positivt arbeidsmiljø med dyktige og trivelege kollegaer. Vi legg stor vekt på høg fagleg kvalitet, teamarbeid og tett samarbeid med andre faggrupper.

Avdelinga er i endring. I samband med dette er det planlagt at MIO skal bli større og over tid bli ei eiga eining med 13 overvakingssenger. Hjartepost vil då bli ei
eiga eining saman med lungepost. Vi søker derfor etter intensivsjukepleiar som
gjerne vil vera med oss i denne omstillinga. 

Bli med på laget vårt – søk no!

Arbeidsoppgåver

  • Mottak og sjukepleiarfagleg ansvar for akutt kritisk sjuke pasientar.
  • Gi god omsorg for pasientar og pårørande.
  • Setja i verk og vidareføra behandling i samarbeid med pasientansvarleg lege.
  • Bruk av avansert medisinsk teknisk utstyr (MTU).
  • Tett samarbeid med andre tverrfaglege yrkesgrupper.
  • Rettleiing av kollegaer og studentar i vidareutdanning i intensivsjukepleie.
  • Tolking av EKG/rytmar (scopsentral – overvaking).
  • Vere med på å utvikla og forbetra avdelinga si arbeid innanfor ulike fokusområde.
  • Inngå i tredelt turnus.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Vidareutdanning i intensivsjukepleie.
  • Relevant sjukehuserfaring og erfaring. 
  • Kjennskap til medisinsk teknisk utstyr.
  • Kjennskap til hjartepasientar og akutt kritisk sjuke.
  • Fagleg engasjert og interessert.
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer.
  • held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande eller krevjande situasjonar.
  • eg god på å tilpassa og formidla kompleks informasjon til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar.
  • har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa, og ønsker å vidareutvikla kompetansen din.

Personleg eigenskapar blir vektlagt.

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå.
  • Oppfølging og opplæring.
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø.
  • Ein spennande, meiningsfull og utfordrande jobb.
  • Fagleg utvikling gjennom fagdagar og simuleringstrening. 
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA).
  • Tiltredelse etter avtale

Dersom ønske om førerett må dette oppførast i søknaden.

Kontaktinformasjon

Anna Flotve, Funksjonsleiar, 41863981, anna.flotve@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgaten 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4895336815
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hjerte post, Haugesund sjukehus orgnr: 974724774
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Webside https://www.helse-fonna.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgaten 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/74831e9b-978c-4b5b-ab11-3aaaead85ee8
IMPORTAPI