Inntil 50% vikariat som faglærar i realfag – Ølen vgs, Rogaland fylkeskommune
Education Videregående skole(6 days ago)
Job Description
Published 17-03-2025
Deadline: 06-04-2025
Inntil 50% vikariat som faglærar i realfag
Ølen vidaregåande skule er ein kombinert skule som pr. i dag har omlag 300 elevar og om lag 70 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialisering, påbygg, idrettsfag, elektro og datateknologi, teknologi og industrifag, bygg og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag. I tillegg har me individuelt tilrettelegt opplæring i lita gruppe. Skulen er ein av fire i Rogaland som driv fengselsundervisning, og ved behov kan undervisning i Sandeid fengsel vere aktuelt.
Ølen vgs er MOT-skule, og er kjenneteikna av godt læringsmiljø, gode faglege resultat og høg trivsel.
For meir info: www.olen.vgs.no
Skuleåret 2025/26 er det ledig inntil 50% vikariat som faglærar i realfag.
Arbeidsoppgåver
Den som vert tilsett må ha undervisningskompetanse i matematikk og naturfag. Undervisninga er primært knytt til fellesfag i yrkesfagklassar. I tillegg er aktuelle fag kjemi, fysikk, biologi og geografi.
Stillinga kan kombinerast med anna utlyst, fast stilling (50% realfag).
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning og praksis i aktuelle fag (minimum 60stp i fag for undervisning i vgs)
- Godkjend pedagogisk utdanning
- Godkjend politiattest
Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing. Personar med undervisningserfaring vert føretrekte. Om det ikkje melder seg søkjarar med både relevant undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning kan andre søkjarar bli vurdert.
Personlege eigenskapar
Me ynskjer oss medarbeidarar som er positive, engasjerte, fleksible, involverande og tydelege. I tillegg er samarbeidsevne og -vilje nødvendig.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk
- Det må sendast elektronisk søknad
Nærare opplysningar kan fåast ved å vende seg til avdelingsleiar Gjertrud Helland telefon 97766556, ev. mail gjertrud.margit.helland@skole.rogfk.no
Kontaktinformasjon
Gjertrud Margit Helland, Avdelingsleiar , 97766556, gjertrud.margit.helland@skole.rogfk.no
Arbeidssted
Litlehagen 2
5580 Ølen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Rogaland fylkeskommune
Referansenr.: 4940147981
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Søknadsfrist: 06.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ølen vgs, Rogaland fylkeskommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Rogaland fylkeskommune er en av fylkets største arbeidsgivere med rundt 4300 ansatte. Vi jobber sammen for et grønt og attraktivt Rogaland. Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer? |
Webside | http://www.rogfk.no/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Videregående skole |
Sted | ØLEN (Adresse: Litlehagen 2 Postnr: 5580) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 06-04-2025 |