Inntil 120% faste lærarstillingar frå 01.01.2025 – Tokke skule – Tokke Kommune Sentraladministrasjon
Education Primary School(4 days ago)
Job Description
Published 25-11-2024
Deadline: 07-12-2024
Inntil 120% faste lærarstillingar frå 01.01.2025 – Tokke skule
LÆRARSTILLINGAR
Tokke kommune har ledige 2 lærarstillingar fordela på inntil 120% fast på Tokke skule, frå 01.01.25.
Tokke kommune har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike pedagogiske innfallsvinklar.
Skulane i Tokke er opptekne av å vera ein inkluderande skule for alle, og ha eit godt skulemiljø med mange aktivitetar for elevane.
Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt, no nyttar ein to timar kvar veke av den bundne tida til fagutvikling.
Tokke kommune har to skular. Tokke skule som ligg i Dalen, og Høydalsmo skule som ligg i Høydalsmo. Kommunen tilbyr gratis SFO for alle elevar i småskulen.
Tokke skule:
1-10 skule med 166 elevar og om lag 24 årsverk for pedagogisk personale.
På skulen arbeider vi kontinuerlig med å skape best mogleg lærings — og utviklingsmiljø der elevane skal oppleve meistring og tryggleik. For å få til dette er vi oppteken av klasseleiing med tydelege vaksne, gode relasjonar, samt fokus på tidleg innsats og tilpassa undervisning.
Tokke skule har uteskule annan kvar fredag for 1 til 7. klasse.
Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i:
Norsk og matematikk i 8. — 10. klasse.
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med konst. rektor, Mona Seltveit på e-post: mona.seltveit@tokke.kommune.no mob. 916 99 148
Me legg vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
-
Adjunkt – lektorutdanning med kompetanse for å undervise på ungdomstrinn.
-
Tilfredstillande Ikt — ferdigheitar
-
Fokus på tydeleg klasseleiing og evne til skape gode relasjonar til både elevar og kollegaer.
-
Stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
-
Positiv, fleksibel og inkluderande.
-
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Me kan tilby:
-
Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
-
Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar
-
Eit godt arbeidsmiljø
-
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Blir det fleire ledige stillingar fram til nytt skuleår, vil ein nytte same søkjarliste.
Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no
Søknadsfrist: 7. desember 2024
Velkomen som søkjar!
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Tokke Kommune Sentraladministrasjon orgnr: 974610124 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. Kommunen har mange mindre matprodusentar som i stor grad nyttar utmarksbeite i våre flotte fjell- og heiområder. Det er eit mangfaldig kultur og organisasjonsliv i kommunen. E-134 er ei av hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom kommunen i Høydalsmo. Kommunesenteret Dalen er om lag 220 km frå Oslo. Dalen sentrum har bevart ein del av sine historiske bygg, bryggjeanlegg ved Telemarkskanalen og eventyrhotellet Dalen Hotel frå 1894. Suleskarvegen mot Stavanger, 230 km unna, er ein populær sommarveg gjennom kommunen. Tokke er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har regionkontor og Vest-Telemark kraftlag har hovudkontor i kommunen. Det er også fleire industri- og høgteknologiske verksemder her. |
Webside | https://www.tokke.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Grunnskole |
Sted | DALEN (Adresse: Storvegen 60 Postnr: 3880) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-01-2025 |
Søknadsfrist | 07-12-2024 |