Job Description

Published 17-10-2024
Deadline: 17-11-2024

 

Innsatspersonell v/ Kystverket sitt depot 14 i Florø

Kystverket har som statlig tilsynsmynde overordna ansvar for hendingar med akutt forureining i Noreg. Det er etablert 16 statlege utstyrsdepot langs kysten og på Svalbard, og det er statleg oljevernmateriell på Kystvakten og Kystverket sitt rederi sine fartøy. I tillegg har Kystverket beredskapsavtale med 35 mindre fartøy som er sertifisert for oljevernoperasjonar i motarbeiding av oljeforureining langs kysten. Kinn brann og redning administrerar ordninga med innsatspersonell tilknytt Kystverket sitt beredskapsdepot 14 i Florø, på oppdrag frå Kystverket sitt beredskapssenter.

Arbeidsoppgåver

Stilinga ligg administrativt under Kinn Kommune brann og redning, og er fagleg underlagt Kystverketberedskapsenteret.

Vi søkjer miljøbevisste, engasjerte og positive medarbeidarar som ønskjer å bidra i arbeidet mot akutt forureining etter hending med oljeutslepp til sjøs

Kvalifikasjonar

Maritim og/eller maskinteknisk kompetanse vil vere ein fordel

Søkjar må legge fram skriftleg erklæring frå eigen arbeidsgjevar om godkjent fråvær i inntil 10 dagar årleg, i samband med øvingar, og inntil 10 dagar ved en statleg leia oljvernaksjon etter akutt forureiningshending.

Det krevjast godkjend helseattest for innsatspersonell tilknytta depotstyrken

Søkjar må oppfylle krav til maksimum to timar reisetid frå heimeadresse til depotlokasjon

Det vert heldt to terminfesta oljevernøvingar for depotstyrka kvart år der tilsette i depotstyrka må delta.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter personar som trivast i samhandling med andre mennesker, som har evne og vilje til å stå på når det krevjast, og som gjerne tar rolla som arbeidsleiar ute i feltet.

Vi ønskjer søkjarar som ser betydinga av, og har fokus på helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassen.

Personell som går i fast vakt og turnus i viktige bereskapsformål kan stilingen by på utfordringer å kombinere.

Vi tilbyr

Godtgjersle for personell i stillinga er gjennom ein fast årleg sats, samt betaling for timar nytta til øvingar og evt aksjonar.

Godtgjersle for deltaking i depotstyrka vert regulert gjennom avtale ASA 4110-Oljevern, inngått mellom KS og Fagforbundet, Delta og NITO.

Øvelsane førar til godtgjersle i samsvar til særavtale for oljevern, ASA4110.

Kontaktinformasjon

Geir Sagevik, Avdelingsleiar Brann, +47 90 11 30 10, geir.sagevik@kinn.kommune.no

Arbeidsstad

Markegata 51
6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 4874386299
Stillingsprosent: 0,1%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kinn kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.  Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.386 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.  I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst – må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Webside http://www.kinn.kommune.no
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Kunst og kunsthåndverk
Sted FLORØ (Adresse: Markegata 51 Postnr: 6905)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8d6c1f94-c754-4b87-9b64-6dfcdc72cb9d
IMPORTAPI