Innkjøpsrådgivar – Klepp kommune, Økonomi
Sales, retail and retail trade Sales, retail and merchandising(2 days ago)
Job Description
Published 05-01-2025
Deadline: 20-01-2025
Innkjøpsrådgivar
Klepp kommune styrker fagmiljøet innanfor offentlege anskaffingar. Den ledige stillinga er ei nyoppretta stilling som vil arbeida tett saman med innkjøpsleiar og auka kapasiteten til å hjelpa med fleire innkjøpsprosessar. Er du på jakt etter ei interessant og sjølvstendig stilling knytt til gjennomføring av innkjøpsprosessar, kontraktsinngåing og oppfølging av kontraktar er dette ei stilling for deg. Innkjøpsrådgivar skal vera ein ressursperson i spørsmål knytt til innkjøp og bidra med opplæring og interne rutinar og kontraktar internt i organisasjonen. Kommunen er i vekst og står føre mange store investerings- og utviklingsprosjekt.
Arbeidsoppgåver
- Utarbeida og følgje opp innkjøpsplan
- Planlegging og gjennomføring av anskaffingsprosessar
- Avtaleforvaltning
- Informasjon og opplæring i regelverket på innkjøpsområdet i dei ulike tenesteområda
- Delta i å utvikla og forbetra interne prosessar og rutinar
- Delta i arbeid med å drifta datasystem på innkjøpsområdet
- Andre oppgåver etter avtale med økonomisjef
Kvalifikasjonar
- Det er krav om høgare utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis innan juridiske fag, alternativt økonomi og administrasjon. Relevant og langvarig erfaring kan kompensera for utdanningskravet
- Kompetanse og erfaring innan regelverket om offentlige anskaffelsar, entrepriserett og generell kontraktsrett, herunder kontraktsarbeid og forhandlinger vil bli vektlagt
- Kjennskap til anerkjente kontraktstandardar som Norsk Standard (NS) og Statens Standardavtalar(SSA) vil vera ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide systematisk, nøyaktig og sjølvstendig
- Løysings- og resultatorientert, fleksibel og endringsvillig
- Analytisk og evne til å arbeide strategisk og heilheitleg
- Høg arbeidskapasitet og evne til å planleggja og koordinera fleire aktiviteter samtidig
Me tilbyr
- Lønn etter avtale og lokal lønnspolitikk
- Fleksitid
- Godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer
- Faglege utfordringar i ei sjølvstendig rolle
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, og mogleik for bustadlån i KLP
- Gratis parkering
- Rabattar ved fleire trengingstilbod
- Andre velferdsordningar
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldende lovar og reglar.
Kontaktinformasjon
Anita Oftedal Steinsland Moi, Økonomisjef, +47 90672299
Arbeidsstad
Bedriftsvegen 4
4353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 4901178562
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Klepp kommune, Økonomi orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes. Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel. I Klepp kommune arbeider me etter visjonen «Med blikk for alle». Me ønsker å utvikla eit inkluderande lokalsamfunn gjennom samskaping med våre innbyggarar. Ønsker du å vite meir om Klepp kommune? Du kan og lese vårt styringsdokument og planar på kommunen si heimeside. |
Webside | http://www.klepp.kommune.no |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Salg, butikk- og varehandel |
Sted | KLEPP STASJON (Adresse: Bedriftsvegen 4 Postnr: 4353) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 20-01-2025 |