Ingeniør vatn og avløp – 100 % fast stilling – Vang Kommune, Landbruk og teknisk
Construction Construction Engineer(14 hours ago)
Job Description
Published 11-12-2024
Deadline: 19-01-2025
Ingeniør vatn og avløp – 100 % fast stilling
Dei kommande åra har Vang kommune store og spennande prosjekt innan vatn- og avløp. Kommunen har nye investeringar framfor seg samstundes med eit auka fokus på fornying og vedlikehald av eksisterande infrastruktur, og søkjer derfor etter ein ingeniør ved vatn og avløp.
Vi tilbyr:
- Løn etter avtale
- Svært interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag
- Tverrfagleg og profesjonelt miljø med hyggjelege kollegaer
- Fleksibel arbeidstid
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- I Vang er det godt å bu! (sjå mange fordeler nedst i annonsa)
Arbeidsoppgåver
- Prosjektoppfølging for investeringsprosjekt på kommunale vatn- og avløpsanlegg
- Oppfølging av drift av kommunale vatn- og avløpsanlegg
- HMS og internkontroll på kommunale vatn- og avløpsanlegg
- Saksbehandling
- Beredskap for vatn- og avløpsanlegg
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på master- eller bachelornivå, gjerne innan vatn- og miljøteknikk eller bygg og anlegg.
- Annan formal- eller realkompetanse kan vurderast
- Erfaring innan fagfeltet er å føretrekke, gjerne erfaring frå kommunal forvaltning
- Kjennskap til SHA og risikostyring
- God og relevante kunnskap innan IT, kommunen nyttar program som Komtek og Gemini VA
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Søkjar må ha førarkort klasse B og disponere bil
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg engasjert, strukturert og sjølvstendig
- Du tek ansvar for framdrift og kvalitet i leveransane dine
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og ser nytten av å dele kompetanse på tvers av fagfelt
- Drivande og løysingsorientert med god gjennomføringsevne.
Kontaktinformasjon
Torstein Brekke-Dervola, Avdelingsleiar vatn og avløp, 91837898, torstein.dervola@vang.kommune.no
Ingeborg Lunde, Kommunalsjef Landbruk og teknisk, 99230305, ingeborg.lunde@vang.kommune.no
Arbeidssted
Tyinvegen 5161
2975 VANG I VALDRES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang Kommune
Referansenr.: 4889478375
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vang Kommune, Landbruk og teknisk orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vang kommune som arbeidsgjevar:
Å bu i Vang kommune:
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det. |
Webside | http://www.vang.kommune.no/tenester/landbruk-og-teknisk/ |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Ingeniør bygg |
Sted | VANG I VALDRES (Adresse: Tyinvegen 5161 Postnr: 2975) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 19-01-2025 |