Ingeniør vatn, avløp og overvatn – Kommunalteknikk, Stad kommune

Construction Construction Engineer

(3 days ago)

  • NORDFJORDEID
  •  Post Date: 19. December 2024
  •  Expire date: 12. January 2025
Job Description

Published 19-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Ingeniør vatn, avløp og overvatn

Har du lyst på utfordrande arbeidsoppgåver i Verdas beste vesle Stad? Vi søkjer etter ny Ingeniør på vatn, avløp og overvatn (VAO).

Kommunalteknikk er ei eining under kommunalområdet Kultur og Samfunn i Stad kommune, saman med Eigedom, Kultur, Plan og forvaltning og Brann. Kommunalteknikk har ansvaret for all offentleg infrastruktur i kommunen. Vi skal drifte og vedlikehalde kommunalt vegnett, parkanlegg, hamn, kommunaltekniske anlegg og infrastruktur knytt til vassforsyning, avløp og overvasshandtering. Prosjektavdeling og Innkjøp er også organisert under kommunalteknikk. Vi gjennomfører små og store kommunaltekniske investeringsprosjekt og byggprosjekt årleg. 

Kommunalteknikk har totalansvar for planlegging, utbygging, forvaltning, drift og vedlikehold av alle kommunale vann- og avløpsanlegg i Stad kommune. Kommunalteknisk drift er delt inn i to driftsgrupper – driftsgruppe Vegdrift og Park, og driftsgruppe VAO.

Driftsgruppe VAO – vatn, avløp og overvatn, har ansvar for drift og vedlikehold av eit transportsystem med 340 km VAO ledningsnett. Vi har 9 vassverk, 12 høgdebasseng, 16 små og store renseanlegg for avløp, og 34 pumpestasjonar for avløp. 

VAO har til sammen 11 tilsette pr i dag. Stillinga som Ingeniør VAO går inn i dette teamet.

Stad kommune har vedteke 3 nye temaplanar på vatn, avløp og overvatn i 2022-2034, med mange naudsynte investeringar i planperioden. Vi skal gjennomføre både store og små investeringsprosjekt dei komande åra. Det skal bl.a byggjast nytt renseanlegg på Nordfjordeid, og i Selje, nye høgdebasseng, samt ledningsfornying. 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, dimensjonere og prosjektere VAO anlegg.
  • Innmåling og kartarbeid, ledningsnett og kommunaltekniske anlegg
  • Rapportering til myndigheter
  • Saksbehandling – behandle søknader om tilknytning, og innmeldte saker frå innbyggjarar
  • Bistand til drift: Problemløsning, initiere utbetringsprosjekter
  • Overvatn: Kartlegge nedbørsfelt, kartlegge ledningsnett
  • Avvikshandtering
  • Oppfølging HMS/prosedyrer

Kvalifikasjonar

  • Relevant bachelorgrad; VA anlegg, bygg, miljø, energi, hydrologi, og tilsvarande
  • Ønskeleg med relevant mastergrad 
  • Ønskeleg med relevant fagkompetanse og erfaring innan vatn og avløp og overvatn, men oppfordrar også nyutdanna kandidatar om å søkje
  • Ønskeleg med erfaring frå innmåling, Bruk av GPS
  • Ønskeleg med erfaring frå GIS systemer (Gemini VA, Gemini Portal), Civil 3D, Vardak, Autocad
  • Ønskeleg med erfaring frå Microsoft office, Power Apps
  • Villig til opplæring/kursing 

Personlege eigenskapar

  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Gode samarbeidsevner
  • Framoverlent
  • Effektiv
  • Løsningsorientert
  • Likar å ha ansvar og tek initiativ
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert

Vi tilbyr

  • Ei spennende og utfordrande fulltidsstilling i ein framoverlent kommune som satsar på utvikling og innovasjon.
  • Moglegheit til å gjere ein reell forskjell for lokalsamfunnet ved å bidra til ei trygg og effektiv vann, avløps- og overvasshandtering.
  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og kompetanseutvikling.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Hilde Hovden, einingsleiar kommunalteknikk, +47 92612855, Hilde.hovden@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4897182259
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kommunalteknikk, Stad kommune orgnr: 876675102
Kort om arbeidsgiver

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

https://www.nordfjord.no/stad

https://www.einstadistad.no/

Webside http://www.stad.kommune.no
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Ingeniør bygg
Sted NORDFJORDEID (Adresse: Rådhusvegen 11 Postnr: 6770)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8a2838ab-9c71-4d9d-9f77-17a32f740737
IMPORTAPI