Ingeniør/teknisk utgreiar – Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett
Construction Arealplanlegging og arkitektur(1 day ago)
Job Description
Published 08-01-2025
Deadline: 01-02-2025
Ingeniør/teknisk utgreiar
Om stillinga
Dersom ditt faglege engasjement spenner over både landmåling og jordskiftefag, kan stilling som ingeniør/teknisk utgreiar i jordskifteretten vera interessant for deg.
Vi har ledig ei fast 100% stilling ved kontorstad Stord.
Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett har i dag 9 tilsette. Jordskiftesoknet omfattar kommunane Karmøy, Haugesund, Bokn, Utsira, Tysvær, Vindafjord, Suldal, Sauda, Etne, Kvinnherad, Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar og Tysnes.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåvene i stillinga er teknisk saksførebuing og teknisk gjennomføring av saker domstolen har til behandling. Oppgåvene omfattar mellom anna:
• Saksførebuing, planlegging og utgreiing av sakene i samarbeid med dommar
• Innmåling, utsetting, merking av grenser og utarbeiding av grenseskildring
• GIS-arbeid og utarbeiding av digitale kart
• Leie og gjennomføre synfaring og teknisk arbeid i felt
• Verdsetje og bonitere areal
• Droneopptak
• Rettsmekling
Stillinga medfører reiseaktivitet. Domstolen har eigen tenestebil som du disponerer ved feltarbeid. Det er difor eit krav at du har førarkort for bil. Skyss- og kostgodtgjersle blir gitt etter statens reiseregulativ.
Kven er du?
Vi krev i utgangspunktet at du har 3-årig høgskuleutdanning innan landmåling og eigedomsdesign. Anna relevant utdanning kan også vera aktuell, særleg utdanning innan fagfelta GIS, landmåling, kartfag, eigedomsfag, tingsrett eller skogfag.
Det blir lagt vekt på god forståing i landmåling, GIS, tingsrett og eigedomsfag. I tillegg blir det lagt vekt på evne og interesse for generell konfliktløysing og rettsmekling. Det er vidare ein fordel med kunnskap innan jordskifte og rettsprosess. Det er også ein fordel med erfaring i bruk av GNSS-utstyr til RTK-måling og GIS-verktøy (ArcGis) som blir nytta av jordskifterettane.
Du må ha gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø. Det blir lagt vekt på at du kan arbeide sjølvstendig, er allsidig og lærevillig. Du må yte service og opptre på ein objektiv og kontakt- og tillitsskapande måte overfor partane i jordskiftesakene. Vi føreset at du kan kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk, og at du kan delta i dialog med partar, private og offentlege instansar på ein god og forståeleg måte. Menneskekunnskap og nysgjerrigheit blir viktige ingrediensar i arbeidskvardagen din. Mange av partane du vil jobbe med har ikkje advokat og representerer seg sjølve, noko som krev ekstra rettleiing og folkeleg språk.
Ferdigheiter i bruk av digitale verktøy blir lagt vekt på. Vi ynskjer heile tida å forbetre domstolen sine digitale løysingar og rutinar. Du vil få høve til å vera bidragsytar i dette arbeidet. Stillinga medfører feltarbeid, som også betyr at det kan bli nokre lange dagar til dels i krevjande terreng. Dette føreset at du har normalt god fysisk helse.
Kva tilbyr vi?
Du blir med på eit viktig samfunnsoppdrag som tilsett i ein domstol. Ein variert jobb der du kan bruke innesko og støvlar på ein og same dag. Stillinga inneber:
• Utfordrande arbeidsoppgåver
• Godt arbeidsmiljø med hyggelege og kompetente kollegaer
• Du vil lære mykje nytt! Vi er opptekne av å utvikle din kompetanse
• Nasjonale og regionale fagsamlingar og godt nettverk
• Bruk av nytt teknisk utstyr
• Fleksible ordningar for fri, avspasering, og moglegheit for trening i arbeidstida
• Løn etter Hovetariffavtalane i staten og ein av marknadens beste pensjonsordningar i Statens pensjonskasse
• Trygg arbeidsplass innanfor statens rammer og avtaleverk
Deler av arbeidet føregår på kontoret og andre deler i felt. Du blir mykje ute i naturen, så om du er glad i friluftsliv, får du ein god del av det i arbeidstida.
Generelle føresegner
Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar med relevant utdanning, bakgrunn, arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss, og til å krysse av i søknadsportalen dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn.
Vi gjer merksam på at søknaden berre blir vurdert ut frå informasjonen som ligg føre innan søknadsfristen. Sørg for at søknaden din tydeleg viser korleis dine ferdigheiter og erfaringar oppfyller kriteria som er skildra i annonsa. Personopplysningar i søknad og CV til stillinga blir handtert i samsvar med lov om behandling av personopplysningar.
Vi utarbeider offentleg søkarliste og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for moglegheit til å bli unntatt frå denne.
DIVERSE INFO