Industrirørleggar – avd. Maskin og Rør – Ulstein Verft AS
Carpenters Platearbeider og sveiser(1 month ago)
Job Description
Published 21-10-2024
Deadline: 30-11-2024
Industrirørleggar – avd. Maskin og Rør
Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?
Ulstein Verft har aukande aktivitet og søker derfor etter fagleg sterke kandidatar som har ei interesse for skipsbygging og skipsoppgraderingar. Arbeidsoppgåvene er varierte, og du vil bli ein del av eit fagleg dyktig miljø der du kan utvikle deg og skape resultat saman med oss.
Intervju vert gjennomført fortløpande.
Oppgåver du vil jobbe med
Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere:
- Service og reparasjon av ventilar, rør og rørsystem (ISO og Ermeto)
- Tilverking og montering av rørsystem om bord i skip
- Vedlikehald, reparasjonar og overhaling av maskinkomponentar
- Service og vedlikehaldsarbeid på propellar, thrusterar, kjølarar, pumper og liknande
- Montering av til dømes motorar, pumper, og propellar
- Installasjon av skipsmaskineri
Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare
Vi ønskjer søkarar med fagbrev som industrirørleggar eller andre relevante fagbrev.
Oppgåvene som skal løysast krev ei praktisk og teknisk forståing – frå teikning til sluttprodukt. Det er derfor nyttig med erfaring frå skipsbygging og maritim verksemd. Det er også ein fordel å kunne norsk og engelsk for å kunne diskutere med kollegaer for å løyse oppgåvene.
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass?
Ulstein Verft byr på varierte arbeidsoppgåver, gode kollega og moglegheiter for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon.
I hjartet av Sunnmøre
Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein Verft, så er både Ulsteinvik og kommunane rundt ein flott plass å bu. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng ein enkelt kan nå til fots, på sykkel eller ski. Bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane er også berre ein times køyring frå Ulsteinvik.
Kontaktinformasjon
Tor-Erik Agledal, Section leader – Pipebending, +47 97669187, tor.erik.agledal@ulstein.com
Vidar Hungnes, Department Manager – Pipe & Machinery, +47 90960746, vidar.hungnes@ulstein.com
Arbeidsstad
Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS
Referansenr.: 4873974543
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ulstein Verft AS orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen. Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise. Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. |
Webside | http://www.ulstein.com |
Bransje | Håndverkere |
Yrke | Platearbeider og sveiser |
Sted | ULSTEINVIK (Adresse: Osnesvegen 110 Postnr: 6065) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 3 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 30-11-2024 |