Job Description

Published 19-09-2024
Deadline: Snarest

 

IID 945 Lærer/fagarbeidar/assistent i barnehage og skule/SFO – ringevikar/vikariat

Fitjar kommune oppvekstetaten treng vikarer. Me har tre kommunale barnehagar og tre skular i kommunen. Me treng vikarer som kan gå i vikariat eller vera ringe-vikarer ved barnehagane, skulefritidsordninga(SFO) og som assistent i skule.

Hva vi ser etter

  • påliteleg, stabil og ansvarsfull person

  • Står trygt i deg sjølv og handlar ut frå barns beste

  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø ved å vere open, ærleg og reflektert

  • Er glad i barn og set dei først i kvardagen

  • Trivst med å vere ute uavhengig av ver og årstid

Skriv gjerne i søknaden om du ønsker å jobbe i skule, SFO eller barnehage.

På heimesida til Fitjar kommune finn du informasjon om den enkelte arbeidsplassen og kontaktinformasjon til leiar om det er noko du lurer på.

Arbeidsoppgaver

  • Gi omsorg og støtte til barn i alle aldrar

  • Utvikle, støtte og rettleie barns leik

  • Bidra til å skape aktivitetar i kvardagen saman med barna

  • Bruke mesteparten av tida utandørs, der frileik og tilrettelagde aktivitetar balanserast

Vi tilbyr

  • Godt, trygt arbeidsmiljø med imøtekomande tilsette som bryr seg om barnas beste

  • Lønns- og pensjonsavtale i tråd med hovudtariffavtalen

  • Eit roleg barnehage/skulemiljø med god tid til barna i kvardagen

  • Benytte nærmiljøet rundt oss saman med barna

Kort presentasjon av Barnehagane og skulane:

  • Selevik skule er ein fådelt skule med elevar frå 1.- 7. trinn. Skulen er lokalisert i Dåfjorden.

  • Øvrebygda skule ligg i landlege omgjevnader ca 8 km frå Fitjar sentrum. Skulen er bygt ut i fleire etappar og har eigne avdelingar for små- og storskule. Skulen er ein tredelt barneskule med ca 60 elevar.

  • Rimbareid skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule i Fitjar kommune med 370 elevar, frå 1.- til 10.trinn. Her er i alt 58 tilsette. Skulen har SFO med 40 elevar og 5 tilsette. Rimbareid skule er sentralskulen i bygda og ligg fint plassert høgt i terrenget opp mot Klostergarden og Rimsvarden. Her er utsikt over bygda og utover sjøen mot ope hav.

  • Svingen barnehage er ein kommunal barnehage som ligg i skogkanten opp mot Rossneset, tett på turstiar og terreng.

    Barnehagen opna nytt bygg og tilhøyrande variert uteleikeområde hausten 2024.

  • Dåfjorden Naturbarnehage ligg i Selevik grend og har tilgang til flotte naturomgjevnader, fjell og sjø. Dåfjorden Naturbarnehage er ein kommunal barnehage frå hausten 2024. Bedehuset i Dåfjorden er base for barnehagen.

  • Fitjar Naturbarnehage har stort fokus på friluftsliv, uteaktivitetar og sunt kosthald. Barnehagen held til i midlertidig i Fitjarstølane bustadområde. Det er nærleik til gode turområde i skog og ved sjø. Barnehagen skal etterkvart tilbake til Øvrebygda, og saman med Øvrebygda skule vere ein del av eit oppveksttun.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fitjar Kommune Oppvekst orgnr: 974575663
Kort om arbeidsgiver

Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta. Meir informasjon om Stord/Fitjar turlag finn du her

Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.

Webside https://www.fitjar.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 10
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist Snarest


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a337ba07-9c91-4e19-ac39-db5093340722
Stillingsregistrering