ID 986 Rektor 100% stilling ved Rimbareid barne- og ungdomsskule – Rimbareid Barne- Og Ungdomsskule

(2 weeks ago)

  •  Post Date: 12. March 2025
  •  Expire date: 6. April 2025
Job Description

Published 12-03-2025
Deadline: 06-04-2025

ID 986 Rektor 100% stilling ved Rimbareid barne- og ungdomsskule

Rimbareid barne- og ungdomskule i Fitjar kommune har ledig stilling som Rektor i 100 % fast stilling

Frå 01.08.2025 er det ledig 100 % stilling som rektor ved Rimbareid barne- og ungdomsskule. Skulen er ein 1.–10. skule med om lag 360 elevar, flott plassert på Rimbareid i Fitjar med utsikt over store delar av bygda. Skulen er moderne med nytt tilbygg, rehabilitert bygningsmasse og oppgradert uteområde.

Skulen skal vera ein inkluderande skule der alle kjenner at dei høyrer til. Me strekk oss etter å stimulera elevane si nysgjerrigheit, lærelyst og meistringsglede gjennom tilrettelagd, utforskande og praktisk undervisning.

Me søkjer ein engasjert, dyktig og inspirerande rektor som kan leia skulen vidare. Rektor er verksemdsleiar og har delegert personal-, økonomi- og resultatansvar. Skuleleiinga består av rektor, tre avdelingsleiarar og dagleg leiar for SFO. Kommunalsjef for oppvekst og kultur er rektor sin næraste leiar. Me ser etter ein motivert person som vil vera pådrivar og inspirasjonskjelde i utviklingsarbeidet på skulen og i kommunen, og som vil vera med på å forma framtidas skule på Rimbareid.

Som rektor vil du ha ansvar for følgjande arbeidsoppgåver:

  • Leia og motivera medarbeidarar til samarbeid og målretta innsats for elevane sitt læringsutbyte.

  • Sikra god elevmedverknad og eit inkluderande læringsmiljø.

  • Driva skuleutvikling og leia skulen sitt satsingsområde og faglege profil.

  • Samarbeida tverrfagleg om barna sitt oppvekstmiljø.

  • Forvaltning og kvalitetsutvikling.

  • Økonomistyring og resultatoppfølging.

  • Samhandla med elevar, føresette og andre aktørar for å skapa eit godt læringsmiljø.

  • Bidra til eit inkluderande og trygt skulemiljø.

Me søkjer deg som har følgande kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå innan pedagogikk.

  • Praksis som lærar.

  • Ønskjeleg med leiarerfaring og/eller leiarutdanning.

  • Evne til å motivera og inspirera både elevar og personalet.

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

  • Kjennskap til skulen sin læreplan og gjeldande lover og forskrifter.

  • God IKT-kompetanse.

Fitjar kommune ønskjer at rektorar i kommunen skal ha formell kompetanse i skuleleiing på minst 30 studiepoeng. Me forventar at den som blir tilsett, oppfyller dette kravet, eller etter nærare avtale skaffar seg slik kompetanse.

Me legg vekt på følgjande personlege eigenskapar hos søkjaren:

  • Engasjement for elevane sine resultat og trivsel.

  • Fleksibilitet og evne til å handtera utfordringar på ein konstruktiv måte.

  • Evne til å arbeida sjølvstendig og i team.

  • Gode mellommenneskelege ferdigheiter.

  • Positiv haldning og evne til å skapa eit godt arbeidsmiljø.

  • Eit varmt og inkluderande menneskesyn.

    Me kan tilby:

  • Ei spennande leiarstilling i ein kommune som legg vekt på utvikling og kvalitet i skulen.

  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.

  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.

  • Konkurransedyktige lønnsvilkår og pensjonsordningar.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med kommunalsjef for oppvekst og kultur, André Sæthre, på tlf. 400 43 230.

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Rimbareid Barne- Og Ungdomsskule orgnr: 975281361
Kort om arbeidsgiver

Fitjar kommune er liten i innbyggjartal, men stor på naturopplevingar og fellesskap. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og eit mylder av øyar og skjer.

Gode butilhøve, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår. Kommunen har 3 200 innbyggjarar og ei positiv folketalsutvikling.

Webside https://www.fitjar.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Ledere av undervisning og utdanning
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 01-08-2025
Søknadsfrist 06-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/29d225b2-98b5-4396-afba-7f7b5c228753
Stillingsregistrering

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31