ID 976 – Lærling frå haust 2025 i Fitjar kommune – Fitjar Kommune
IT Drift, vedlikehold(3 days ago)
Job Description
Published 20-03-2025
Deadline: Snarest
ID 976 – Lærling frå haust 2025 i Fitjar kommune
Fitjar kommune søkjer etter lærlingar for oppstart hausten 2025
Me søker etter lærling innan faget:
- IT-driftsfaget (ITD3001)
Fitjar kommune er ein triveleg arbeidsplass som byr på varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter til både fagleg og personleg utvikling.
Me ser etter deg som:
-
Er motivert og interessert i faget og vil bidra med eigeninnsats og engasjement.
-
Viser omsyn og respekt.
-
Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
-
Kan kommunisere med menneske med ulik bakgrunn og i ulike situasjonar.
-
Viser forståing for andre.
-
Viser ansvar og er påliteleg.
-
Fullført eller gå på Vg2
Me kan tilby:
-
Løn etter tariff.
-
Godt arbeidsmiljø.
-
Gode læresituasjonar.
Som lærling vil du få god opplæring i eit profesjonelt miljø, men det krev også pålitelegheit, eigeninnsats og engasjement for å lykkast og utvikle deg i faget.
Vi ser etter deg som er nysgjerrig, engasjert og klar for å ta ansvar for eigen læring og utvikling. Tilsetjing etter gjeldande lov- og avtaleverk for lærlingar i kommunal verksemd. Attestar og vitnemål tas med til eit eventuelt intervju.
Er du interessert i teknologi og ønskjer å utvikle dine ferdigheiter i eit spennande og dynamisk miljø? Vi tilbyr ei unik moglegheit til å lære og vekse i vår IKT-avdeling.
Som lærling innan IT-drift, support og datatryggleik, kan me tilby deg ein spennande og lærerik kvardag med mange moglegheiter for fagleg utvikling. Du vil få opplæring i eit profesjonelt og fagleg miljø med grundig opplæring i drift og vedlikehald av IT-system, brukarstøtte og digitalisering av kommunale tenester. Me legg også stor vekt på datatryggleik og korleis du kan bidra til å oppretthalde sikre IT-tenester.
For spørsmål kontakt IKT-leiar Stian Torland, tlf 40404161, stor@fitjar.kommune.no
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Fitjar Kommune orgnr: 974575655 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta. Visit Fitjar inneheld informasjon om ymse aktivitetar i Fitjar. Litt informasjon om Fitjar turistinformasjon: Fitjar turistinformasjon | Tourist Information | Fitjar | Norway (visitnorway.no) www.visitsunnhordland.no inneheld mykje informasjon om reisemål, aktivitetar og tenester i Sunnhordland. Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår. |
Webside | https://www.fitjar.kommune.no |
Bransje | IT |
Yrke | Drift, vedlikehold |
Sted | (Adresse: Postnr: ) |
Stillingstype | Lærling Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | Snarest |