Job Description

Published 02-12-2024
Deadline: 15-12-2024

 

ID 968 70% vikariat som Miljøterapeut i eining for Habilitering ved Gartnartunet

Miljøterapeut – Eining for habilitering Gartnartunet

Eining for habilitering yt tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Me har hovudkontor i Havnahuset bu og servicesenter. Eininga yt blant anna heildøgns omsorgsteneste i 3 bustadar og eit dagtilbod. Den ledige stillinga er i Gartnartunet . På Gartnartunet har me turnus med langvakter og arbeid kvar 4. helg. Arbeiet går ut på å vegleiie og bistå bebuarane i daglege gjeremål, aktivitetar og dagtilbod

Me har mange flotte medarbeidarar i eininga, og søkjer no etter ny miljøterapeut som kan jobba sjølvstendig og i team, har arbeidsglede, likar utfordringar og har evne til å vera løysingsorientert. Du har interesse for habilitering og miljøarbeid, har godt humør og evne til å motivera og engasjera. Du er positiv, initiativrik, likar å vera aktiv . Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting. Erfaring frå med arbeid med personar med utviklingshemming er ynskjeleg.

Me treng deg som:

  • Er fagleg sterk

  • Er strukturert og pliktoppfyllande

  • Likar å ta ansvar og føl dette opp

  • Er stabil og påliteleg

  • God på å skape relasjonar, både med brukarar, pårørande og kollegaer

  • Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet

  • Likar å legge til rette for aktivitet, trivsel og meistring

  • Yt tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk

  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø

  • Har gode samarbeidsevne

  • Har evne til å ta imot og gje kollegaveiledning

Kvalifikasjonskrav:

  • Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentlig tenestepensjon i KLP – Kort fortalt

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktpersonar: Ane Huus Edvardsen mobil: 40 49 39 71

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fitjar Kommune Avd Gartneritunet Bofellesskap orgnr: 994995448
Kort om arbeidsgiver

Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta.

Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.

Litt informasjon om Fitjar turistinformasjon: Fitjar turistinformasjon | Tourist Information | Fitjar | Norway (visitnorway.no)

Webside https://www.fitjar.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 15-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d44d8307-637d-4d4e-85c6-27f7541fd97c
Stillingsregistrering