ID 961 Barnehagelærar 100 % vikariat Fitjar naturbarnehage – Fitjar Naturbarnehage

Education Førskolelærer

(6 hours ago)

  •  Post Date: 7. October 2024
  •  Expire date: 20. October 2024
Job Description

Published 07-10-2024
Deadline: 20-10-2024

 

ID 961 Barnehagelærar 100 % vikariat Fitjar naturbarnehage

Frå 01.11.24 (eller etter avtale) — 31.04.25 er det ledig eit vikariat 100 % stilling som barnehagelærar fortrinnsvis i Fitjar naturbarnehage med høve til forlenging. Det kan òg bli noko av tida i Dåfjorden naturbarnehage.

Fitjar naturbarnehage ligg like utanfor Fitjar sentrum, og har tre avdelingar med 29 barn til saman. Barnehagen ligg i eit vakkert naturområde nær bustadområdet Fitjarstølane. Den ligg fint plassert i ei naturtomt med kort veg til turområde i utmark, skog og fjell. Barnehagen er nyoppstarta i desse lokala, men er ei vidareføring av drifta som var i FUS – Fjellheim friluftsbarnehage i Øvrebygda. Barnehagen skal etterkvart tilbake til Øvrebygda, og saman med Øvrebygda skule vere ein del av eit oppveksttun.

Dåfjorden Naturbarnehage ligg i Selevik grend og har tilgang til flotte naturomgjevnader, fjell og sjø. Dåfjorden Naturbarnehage er ein kommunal barnehage frå hausten 2024. Bedehuset i Dåfjorden er base for barnehagen. Barnehagen har 9 barn.

Barnehagane har ein friluftsprofil kor dei er ute store delar av dagen, og dei tilsette er opptekne av å skape eit godt fagleg og sosialt miljø.

Me søkjer etter medarbeidarar som har:

  • 3-årig barnehagelærarutdanning

  • Kunne ta del i det pedagogiske arbeidet på avdelinga, og vera med på å motivera medarbeidarar til utvikling og målretta arbeid til det beste for barna

  • Har stor interesse for friluftsliv og evne til å engasjera barna i utandørs aktivitetar

  • Er ein positiv lagspelar med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

  • Kan bidra til at barn opplever meistring og glede i kvardagen

  • Evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig

  • Er fleksibel, viser arbeidsglede og har god relasjonskompetanse

  • Har evne og vilje til å engasjera deg i leiken på det nivået barna treng deg

  • God IKT kompetanse

Me kan tilby:

  • Personleg og fagleg utvikling

  • God offentleg tenestepensjon i KLP

  • Løns- og avtalevilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar. Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Spørsmål kring stillinga kan rettast til styrar Karianne Stadheim, telefon 416 35 080, eller etatssjef for oppvekst og kultur André Sæthre, telefon 400 43 230.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fitjar Naturbarnehage orgnr: 933723178
Kort om arbeidsgiver

Fitjar naturbarnehage ligg like utanfor Fitjar sentrum, og har tre avdelingar med 29 barn til saman. Barnehagen ligg i eit vakkert naturområde nær bustadområdet Fitjarstølane.

Webside https://www.fitjar.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Førskolelærer
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-11-2024
Søknadsfrist 20-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f63e84f8-2ca1-4248-99e7-7451c7add0a5
Stillingsregistrering