Job Description

Published 06-09-2024
Deadline: 03-10-2024

 

ID 955 Sjukepleiar/vernepleier/helsefagarbeidar 19,4% fast helgestilling – Gartnartunet

Eining for habilitering har ledig helgestilling med arbeid kvar 4. helg

Arbeidsgivar:

Fitjar kommune

5419 Fitjar, Vestland

Stillinga er ledig omgåande

Stillinga er Gartnartunet burettslag. På Gartnartunet bur det seks vaksne med ulike hjelpebehov. Arbeidet er organisert i turnus med langvakter, arbeid kvar 4. helg

Me treng deg som:

  • Er strukturert og pliktoppfyllande

  • Likar å arbeide natt

  • Fagleg interessert

  • Likar å ta ansvar og føl dette opp

  • Er stabil og påliteleg

  • God på å skape relasjonar, både med brukarar, pårørande og kollegaer

  • Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet

  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø

  • Har gode samarbeidsevne

Kvalifikasjonskrav:

  • Sjukepleiar/vernepleiar/fagarbeidar i relevant fag

  • Studentar i relevant utdanning blir også vurdert.

  • God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, og gode grunnleggande datakunnskapar

Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentleg tenestepensjon i KLP – Kort fortalt

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fitjar Kommune Avd Gartnartunet Bofellesskap orgnr: 994995448
Kort om arbeidsgiver

Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta. Meir informasjon om Stord/Fitjar turlag finn du her

Visit Fitjar inneheld informasjon om ymse aktivitetar i Fitjar.

Litt informasjon om Fitjar turistinformasjon: Fitjar turistinformasjon | Tourist Information | Fitjar | Norway (visitnorway.no)

www.visitsunnhordland.no inneheld mykje informasjon om reisemål, aktivitetar og tenester i Sunnhordland.

Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.

Fitjar kommune ligg midt i Sunnhordland – les meir om regionen her.

Webside https://www.fitjar.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 03-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/32bf41ba-1708-4474-845c-b4c33a16be8e
Stillingsregistrering