Job Description

Published 25-06-2024
Deadline: 21-07-2024

 

ID 938 Vernepleiar/Sjukepleiar 100% medlevar

Eining for habilitering yt tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Me har hovudkontor i Havnahuset bu og servicesenter. Eininga yt omsorgsteneste i 4 bustadar og eit dagtilbod.

I eining for habilitering har eit nytt tiltak der me yt tenester til ein bebuar i form av døgn turnus og 2:1 bemanning. Me har no ledig ein 100 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar i dette tiltaket.

Arbeidsoppgåvene vert å følgje opp bebuaren i kvardagen med alle daglege gjeremål dette inneber. Ein arbeider i team på to og to. Naudsynt opplæring vil bli gitt

Tenesta vert gitt i Havnahuset bu og servicesenter. Havnahuset ligg fint ved sjøen, me har kanskje kommunen si beste tomt..? Med flott uteområde, og fine fellesareal som er knytt til leilegheitene.

Me treng deg som har interesse for å arbeide med menneske som har sammensatte hjelpebehov. Du har interesse for habilitering og miljøarbeid, har godt humør og evne til å motivera og engasjera. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting. Erfaring frå liknande arbeid er ynskjeleg.

Me treng deg som:

  • Er strukturert og pliktoppfyllande
  • Har evne til å jobbe i team og sjølvstendig
  • Personlege eigenskapar blir vektlagd
  • Yt tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Har gode samarbeidsevne

Kvalifikasjonskrav:

  • Sjukepleiar, vernepleier
  • Førarkort klasse B, manuell gir
  • God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, og gode grunnleggande datakunnskapar
  • Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Me kan tilby:

  • Godt arbeidsmiljø
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
  • Offentlig tenestepensjon i KLP – Kort fortalt

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Havahuset Bu- Og Servicesenter Psykisk Utviklingshemma orgnr: 974575701
Kort om arbeidsgiver

📷

Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta. Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.

Webside https://www.fitjar.kommune.no/ledige-stillingar
Bransje Helse og sosial
Yrke Vernepleier
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 21-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/5ec0c776-f8aa-4b64-ab9c-468cb6950c0c
Stillingsregistrering