ID 2279 Rektor – Vaksenopplæringa – Stord kommune
Education Ledere av undervisning og utdanning(3 weeks ago)
Job Description
Published 30-01-2025
Deadline: 02-03-2025
ID 2279 Rektor – Vaksenopplæringa
Stordskulen – <
Som rektor på Langeland skule vil du verta ein av 10 rektorar for grunnskulane i Stord. Stordskulen har fokus på kvalitetsutvikling, inkludering og tverrfagleg samarbeid. Endrings- og utviklingsarbeid er eit felles ansvar, der me ønsker å gjera kvarandre gode og spela på lag med kvarandre.
Langeland skule, med sine om lag 400 elevar og 60 tilsette, er ein av 10 grunnskular i kommunen. Langeland skule er ein lærande organisasjon med eit godt og inkluderande arbeidsmiljø og god delingskultur.
Tilsette ved Langeland skule jobbar for å skapa eit trygt, inkluderande og inspirerande skulemiljø, der alle viser omsorg, ansvar og respekt. Elevane på Langeland skule skal oppleva meistring og læringsglede, få utvikla evnene sine og få ei opplæring som er tilrettelagt eigne evner og føresetnader.
Det er ledig fast 100% stilling som rektor, frå 01.01.24
Me søkjer ein leiar som
-
vil utvikla og leia det pedagogiske arbeidet på skulen i samarbeid med elevar, foreldre/føresette, lærarar og andre tilsette gjennom godt partssamarbeid
-
er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla ein set
-
har god kompetanse på gjeldande lover og forskrifter for grunnskulen og kommunen sine plikter i medhald av desse
-
har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner
-
er truverdig, engasjert og samlande og gjer relevante val
-
er positiv, initiativrik og strukturert
-
veit korleis ein skal byggja god organisasjonskultur og praktiserer relasjonsleiing
-
har evne til å skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø
-
involverer seg i skulekvardagen på eigen skule og i Stord kommune
Søkjarane må ha pedagogisk utdanning og praksis. Kommunen legg til grunn dei sentralt vedtekne krava om kompetanse. Personlege eigenskapar, kompetanse og erfaring innan administrasjon og leiing, samt ev anna relevant erfaring og praksis vert lagt vekt på. Den som vert tilsett må leggja fram politiattest, jf. Opplæringslova § 17-11.
Stord er ein to-nivå–kommune, og rektor har vide fullmakter innan vedtekne rammer. I tillegg til det faglege og pedagogiske ansvaret, har einingsleiar/ rektor og ansvar for drift og økonomi. Einingsleiar/ rapporterer til kommunedirektør v/ kommunalsjef, og har leiaravtale med kommunalsjefen der rettar, plikter og mål vert omtala.
Rektor har det faglege og pedagogiske ansvaret for undervisninga, samt ansvar for oppfølging av dei tilsette. Det vil bli venta at ein har god oversikt over budsjett og økonomi for eininga.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
Dersom søkjar ønsker å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert teke til følgje.
Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt tlf. 41 41 65 03, eller rektor Steinar Rosset, tlf. 90128267.
DIVERSE INFO