ID 2264 Fysioterapeut – Aktivitet og re-/habilitering – Stord kommune

Health and social care Fysioterapeut

(6 hours ago)

  •  Post Date: 18. December 2024
  •  Expire date: 12. January 2025
Job Description

Published 18-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

ID 2264 Fysioterapeut – Aktivitet og re-/habilitering

Fysio- og ergoterapiavdelinga i Stord kommune er organisert i Eining for aktivitet og re/habilitering med kontor sentralt i Leirvik. Eininga er ein aktiv og spennande arbeidsplass i tett samarbeid med ulike fag og yrkesgrupper, og med ulike instansar. Me kan tilby varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø. Vår visjon er at fleire er aktive og sjølvstendige i eige liv.

Me har ledige vikariat i 100% stilling i tidsrommet 03.03.25 — 30.06.25, med stor sannsynlegheit for forlenging.

Arbeidsområdet er retta mot rehabilitering, førebygging og behandling av vaksne og eldre. Individuell oppfølging av pasientar og leiing av grupper vil vere viktige oppgåver i stillinga. Fysioterapeutar tilsett i kommunen gir primært tilbod til innbyggjarar som ikkje kan nytte institutt, til dei som bur på institusjon og bistand til hjelpemiddelformidling. Me gir også tilbod i varmtvassbasseng.

Fysioterapeuten skal bidra i eit tverrfagleg, samordna og samhandlande tenestetilbod. Me ynskjer ein kollega som er fleksibel, løysningsorientert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevne.

Kontinuitet i tenestene vert vektlagt.

Me søkjer ein person som har:

  • Erfaring frå kommunale fysioterapitenenester og hjelpemiddelformidling

  • Erfaring med rehabilitering

  • Rettleiingskompetanse

  • Kompetanse og erfaring med leiing av treningsgrupper

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert fysioterapeut

  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

  • Førarkort klasse B

  • Det må og leggast fram godkjent politiattest av nyare dato

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Eit positivt og godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentlig tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

For nærare opplysningar ta kontakt med:

Avdelingsleiar Bente Bjelland, tlf: 41 18 19 01 eller einingsleiar Kristin Steinsland, tlf: 416 94 266.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stord kommune orgnr: 976672755
Kort om arbeidsgiver

Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Fysioterapeut
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 03-03-2025
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9583a2cc-2ad8-40d8-832c-6ba90ea1f4da
Stillingsregistrering