ID 2258 Avdelingsoverlege interkommunal døgnavdeling – Sunnhordland interkommunale legevakt – Sunnhordland interkommunale legevakt SIL og døgnavdeling IDA
Health and social care Doctor(3 weeks ago)
Job Description
Published 01-11-2024
Deadline: 24-11-2024
ID 2258 Avdelingsoverlege interkommunal døgnavdeling – Sunnhordland interkommunale legevakt
Interkommunal døgnavdeling er lokalisert i 2. høgda i Legevaktbygget i nær relasjon til Stord sjukehus. Avdelinga vart opna 20. mars 2017.
Avdelinga har 9 senger. 4 senger er kommunale akutte døgnplassar (etter § 3-5 i helse- og omsorgstenestelova) og 5 senger er disponert av tildelingskontora i den einskilde av samarbeidskommunen for pasientar som treng opphald i påvente av tilbod i heimkommune.
**Det er ledig fast 100 % avdelingsoverlege stilling ved interkommunal døgnavdeling (IDA) for kommunane Bømlo, Fitjar og Stord.**Stillinga er ledig frå 1. januar 2025.
Avdelingsoverlege har arbeidstida si frå 08 00 til 15 30 frå måndag til fredag
Dei faste legane er med i ein 6-delt bakvaktsturnus kvardagar kl 15.30 — 22 og laurdagar/sundagar/heilagdagar kl 08-22. Det er 3 timars aktiv vakt på helgedagar. Bakvakt på netter er dekka av legevaktslege.
Arbeidet består i:
-
Vera delaktig i kvalitet- og utviklingsarbeid i avdelinga og bidra til fagutvikling.
-
Ha medisinsk ansvar for avdeling ( Medisinsk fagleg rådgjevar skal saman med dagleg leiar og styret, sikre eit godt fagleg og etisk nivå og vidareutvikle tenesta.
-
Samarbeid med fastlegar, heimetenesta og tildelingskontora i kommunane.
-
Ein vil ha pasientretta arbeid, med bl.a. visitt, inn- og utskriving av pasientar, føre epikrise etc.
-
Stillinga kan innebere deltaking i vaktsystemet ved IDA
Kvalifikasjonar:
-
Erfaring frå primærhelsetenesta, indremedisin eller geriatri
-
Fagleg engasjement og interesser for utvikling av avdelinga og godt arbeidsmiljø
-
Evne til sjølvstendig arbeid, funksjon i team og støttande delegasjon av oppgåver
Me legg vekt på personlege eigenskapar og vurderingar i intervju med tanke på evne og interesse for utvikling av faglege prosedyrar og rutinar for samarbeid internt i avdelinga og mot samarbeidspartar.
Løn etter avtale. Pensjonsordning gjennom KLP.
For nærare opplysingar om stillinga kontakt dagleg leiar Agata Barbara Kapuscinska
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
DIVERSE INFO