ID 2256 Ferievikarar 2025 – Sunnhordland interkommunale legevakt og døgnavdeling IDA – Sunnhordland interkommunale legevakt SIL og døgnavdeling IDA
Health and social care Nurse(5 hours ago)
Job Description
Published 18-12-2024
Deadline: 23-02-2025
ID 2256 Ferievikarar 2025 – Sunnhordland interkommunale legevakt og døgnavdeling IDA
Søkjer du ein interessant sommarjobb med spanande utfordringar der du får nytta din erfaring og kompetanse? Då kan du vera rette person for oss.
Me har behov for lege, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarstudentar i perioden 23.06.2025 – 17.08.2025 ved legevakta og Døgnavdeling IDA.
På legevakta treng me sjukepleiarar (gjerne med minst 2 års erfaring). Medisinstudentar som har bestått 3.året. Ved døgnavdelinga treng me Sjukepleiarar og helsefagarbeidarar , samt sjukepleiarstudentar.
Vår avdelingoverlege treng vikar i 4 veker. Vi søker vikarlege i den perioden ( gjerne spesialist allmenmedisin/geriatri)
Me kan tilby varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein spanande og travel kvardag. Det er eit triveleg arbeidsmiljø på ein strukturert arbeidsplass som held høgt fagleg nivå. Sommarjobb ved SIL inneber turnusarbeid dag, kveld, natt og i snitt arbeid anna kvar helg.
Høyres dette interessant ut? Søk då vel!!!
Ved spørsmål kan du ringja dagleg leiar Agata Kapuscinska 40729263 eller avdelingsleiar Ingvild Boga 91727837
NB. Husk å fylle ut kva tid du ynskjer å jobbe . Søkjarar som kan jobbe heile perioden eller i 6 veker eller meir vil bli prioritert.
Det blir ikkje sendt ut førebels melding ettersom det kjem søknader inn heile tida.
Alle ferievikarar må leggja fram politiattest av ny dato.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
DIVERSE INFO