ID 2255 Systemkonsulent RHO – Støtteeining IKT – Stord kommune

IT Development

(6 hours ago)

  •  Post Date: 21. October 2024
  •  Expire date: 10. November 2024
Job Description

Published 21-10-2024
Deadline: 10-11-2024

 

ID 2255 Systemkonsulent RHO – Støtteeining IKT

Støtteeining IKT har ansvar for drift, vedlikehald og brukarstøtte i Stord kommune sitt datasystem. Dette omfattar serverar, programvare, klientar, skrivarar, telefoni og nettverk. IKT er ein pådrivar for ny teknologi som effektiviserer tenestene. Som systemkonsulent jobbar du i eit erfarent team med eit hektisk og variert arbeidsmiljø.

Me søkjer ein engasjert systemkonsulent til ei fast 100% stilling.

Du vil få ansvar for systema knytt til rehabilitering, helse og omsorg (RHO), der me står framfor ei spanande tid i løpet av dei neste åra då me skal bytte ut vårt elektroniske pasient- og journalsystem (EPJ).

Arbeidsoppgåvene er varierte og inkluderer:

  • Systemansvar for RHO sitt EPJ og ressursplanleggingsverktøy

  • Viktig rolle i overgangen til nytt journalsystem

  • Støtte til effektiv bruk av systema

  • Kontaktperson mot leverandørar og superbrukarar

  • Tilgangsstyring og brukarstøtte

  • Ansvar for Norsk helsenett i Stord kommune

Her får du moglegheita til å bidra til å støtte og utvikle helsetenestene i kommunen.

Kvalifikasjonskrav:

  • Høgskuleutdanning. Relevant erfaring kan kompensere for dette.

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

  • Må kunna arbeide målretta og sjølvstendig samt har gode samarbeidsevner.

  • Må kunna arbeide målretta og sjølvstendig, samt ha gode samarbeidsevner.

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Offentlig tenestepensjon i KLP – Kort fortalt

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysingar hos einingsleiar Gisle Østrem, tlf 97552005

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stord kommune orgnr: 976672755
Kort om arbeidsgiver

Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.

Webside
Bransje IT
Yrke Utvikling
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 10-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b5125cb3-3b4e-402f-b956-11e7e329a5bf
Stillingsregistrering