Job Description

Published 18-10-2024
Deadline: 10-11-2024

 

ID 2254 Sjukepleiarar – Sunnhordland interkommunale legevakt

Søkjer du ein interessant jobb med spanande utfordringar der du får nytta din erfaring og kompetanse? Då kan du vera rette person for oss.

Sunnhordland interkommunale legevakt IKS er eit selskap som driftar legevakt og døgnavdeling for Stord, Bømlo og Fitjar kommune.

Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS si viktigaste oppgåve er å levere tenester og service til innbyggjarane i form av øyeblikkeleg helsehjelp. Dei tilsette er viktigaste ressurs for å nå dette målet. Vår kultur og personalpolitikk er basert på å fremja personleg utvikling, ansvarsbevissthet og arbeidsglede hos den einskilde medarbeidar.

SIL dekker akutt-teneste for om lag 35 000 innbyggarar. I tillegg er legevakta legevaktsentral for Kvinnherad og Tysnes kommune. I avdelingane har ein eit høgt fagleg miljø med god sjukepleiedekking og tett samarbeid med vaktlege og avdelingsoverlege. Ein utføre laboratoriearbeid i tillegg til mykje medisinske og kirurgiske prosedyrar.

På døgnavdeling IDA yt ein behandling etter ålmennmedisinske metodar. All kontakt på legevakta blir vurdert av sjukepleiar etter hastegrad der ein nyttar norsk medisinsk index.

Det er fleire ledige stillingar for sjukepleiar på Sunnhordland interkommunale legevakt

  • 50% fast sjukepleiar stilling nattevakt mellom Ida avdeling- legevakt. Ledig frå snarast.

  • 80% vikariat sjukepleiar i tredelt turnus på Døgnavdeling Ida ledig frå snarast til 21.09.2025

  • 15% fast sjukepleiar helgestilling på legevakta. ledig frå snarast.

Skriv i søknaden om du søkjer på ei eller fleire av stillingane.

Dine oppgåver vil m.a. vera å utføre sjukepleieoppgåver og andre avtalte oppgåver knytt til avdelingane i samarbeid med kollegaer og leiing. Hovudfunksjonen vil vera å yta gode faglege, vegleiande og omsorgsmessige tenester til dei pasientar som tek kontakt med legevakta eller er inneliggjande i døgnavdeling IDA.

Nattevaktstilling innebærer sykepleieroppgaver på legevakta saman med ansvarlige legevaktssykepleiar på vakt. Etter kvart blir det også mulighet å få opplæring i legevaktsystem inkludert telefonsvar. Det blir også mulighet å lære seg opp telefonhåndtering hvis ønskelig frå søker.

Kompetanse og personlege eigenskapar hos søkjar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.

  • 2 års erfaring er ei føremun. (gjeld legevakt)

  • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.

  • Har gode datakunnskaper.

  • Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig og i team.

  • Evne til å meistre eit høgt arbeidspress.

  • Fleksibilitet.

  • Evne til å bidra til godt samarbeid innan eiga avdeling og i organisasjonen generelt.

  • Evne til å samarbeida tverrfagleg.

  • Evne til å etablere god kommunikasjon og tillit.

Personlege eigenskapar vert vektlagt. Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato

Me tilbyr:

  • Løn etter tariffavtale

  • Utvikling av eit fagmiljø med trivelege arbeidskollegaer der du kan vera med å påverka og utforme avdelinga.

  • Ei heilt ny avdeling med flotte lokalar og med spanande utfordringar.

  • Internundervisning

  • Pensjonsordning gjennom KLP

  • Bedriftshelseteneste

  • Medlemskap i Stord ve og vel

Ved ytterlegare spørsmål og interesse for stillingane, ta kontakt med:

Avdelingsleiar døgnavdeling IDA: Ingvild Boga på telefon 91727837 eller send e-post til ingvild.boga@stord.kommune.no

Dagleg leiar: Agata Kapuscinska på telefon 40729263 eller send e-post til agata.barbara.kapuscinska@stord.kommune.no

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sunnhordland interkommunale legevakt SIL og døgnavdeling IDA orgnr: 976672755
Kort om arbeidsgiver

Sunnhordland interkommunale legevakt IKS dekker legevaktfunksjon for kommunane Fitjar, Bømlo og Stord med samla om lag 35.000 innbyggjarar. Legevakta flytta inn i nye, moderne lokale i 2017 og er lokalisert i tilslutnad til Stord sjukehus. Legevakta og døgnavdelinga har eit triveleg fagmiljø med personale som held høg fagleg kompetanse.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 10-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/98674d14-1cfb-4cac-a9ce-aff3adac6e0e
Stillingsregistrering