ID 2248 Miljøterapeut- Eining for habilitering – Stord kommune
Health and social care Vernepleier(7 hours ago)
Job Description
Published 16-10-2024
Deadline: 05-11-2024
ID 2248 Miljøterapeut- Eining for habilitering
Avdeling Åsen er eit døgnbemanna bu- og omsorgstilbod for personar med nedsett funksjonsevne. Her finn ein 6 bustadar. Det er tilknytt eigen personalbase til bustadane, og det vert gitt heildøgns omsorg til bebuarane som har behov for det. Bustadane er kommunalt eigd, og bebuarane leiger hos Stord kommune.
Me har ledig fast 100% stilling som miljøterapeut frå 01.12.24. Stillinga er i turnus, med arbeid kvar fjerde helg.
Me søkjer deg som kan jobba sjølvstendig og i team, har arbeidsglede, likar utfordringar og har evne til å vera løysingsorientert. Du er fagleg trygg og kan ta ansvar i avdelinga. Du har godt humør og evne til å motivera og engasjera, og du har gode samarbeidsevner. Du er positiv, initiativrik og strukturert. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.
Arbeids- og ansvarsområde i stilling som miljøterapeut er mellom anna:
-
Kartlegga behov og utarbeida faglege mål
-
Oversikt over mål, oppgåver, aktivitetar og organisering av eininga og avdelinga
-
Ansvar for legemiddelhandtering og opplæring (gjeld vernepleiar og sjukepleiar)
-
Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet for brukar
-
Legga til rette for aktivitet, trivsel og meistring
-
Yta tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk
-
Utføra helse- og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
-
Samarbeida og dela kompetanse på tvers av avdelingane
-
Kjenna til og bruka eininga og avdelinga sine prosedyrar og rutinar
-
Halda deg fagleg oppdatert
-
Halda deg oppdatert på gjeldande lovverk og avtalar
-
Sørga for presis og utfyllande dokumentasjon
-
Gjera deg kjent med og bruka aktuelle dataprogram som kommunen har i si drift
Kvalifikasjonskrav:
-
Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar, eller anna relevant høgskuleutdanning innan helse- eller sosialfag på bachelor nivå
-
Førarkort klasse B
-
God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, er eit krav
-
Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
Me kan tilby:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.
-
Offentlig tenestepensjon
Kontaktperson: Avdelingsleiar Elisabeth P. Litlehamar, tlf 924 25 522 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97 55 2097
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
DIVERSE INFO