Job Description

Published 16-10-2024
Deadline: 05-11-2024

 

ID 2247 Assisterande avdelingssjukepleiar – Stord sjukeheim

Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar. Denne stillinga er ved avdeling Backertunet Dette er ei avdeling med plassar for pasientar med utfordringar knytt til demenssjukdom. Avdelinga har fokus på personsentrert omsorg og miljøterapautiske tiltak i arbeidet. Som assisterande avdelingssjukepleiar vil du jobbe tett opp mot avdelingssjukepleiar og leiargruppa. I tillegg som sjukepleiar i avdelinga vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tett opp mot andre faginstansar.

Stord sjukeheim er og no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane. Stord kommune er ein TØRN kommune der me saman med Knutsaåsen omsorgsenter skal aktivt jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester. Langvakter er eitt av tiltaka som er innført i avdelinga. Du som sjukepleiar vil vera viktig inn i dette arbeidet.

Det er ledig fast 100% stilling som assisterande avdelingssjukepleiar, med langvakter på 13,5 time og 4. kvar helg. Ved lengre fråvær av avdelingsleiar og i ferier vil stillinga ha dagvakter i vekene og langvakter kvar 4. helg.

Arbeids- og ansvarsområde:

I denne stillinga vil di ta del i og ha ansvar for:

  • samhandling og tverrfagleg samarbeid

  • målretta miljøarbeid

  • tilrettelegging for kvardagsmeistring

  • tiltak, evaluering og dokumentering

  • å styrka fokus på autonomi og ivaretaking av grunnleggande rettighetar for pasientane

  • palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.

  • legemiddelhandtering

  • fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.

  • å vera med i ei aktiv faggruppe som driv avdelinga framover saman med andre faginstansar.

  • delta aktivt inn i eininga sitt sjukepleiar/vernepleiarteam og delta på fagmøter og bidra til kunnskapsdeling i eininga.

  • vere ein del av ei eining med mange spesialsjukepleiarar som vegleiar innan sår, demensomsorg, kreftsjukepleie, geriatri, psykiatri og leiing der kunnskapsdeling er i fokus.

  • Bistå avdelingsleiar i utviklingsarbeid.

  • Tett samarbeid med leiargruppa og einingsleiar i avdelingsleiar sitt fråvær.

  • Bistå i turnusarbeid og vaktplanar i avdelinga.

  • Følgje gjeldande lovverk og rutinar i eininga.

Ved tilsetjing vil me vektlegga:

  • personlege eigenskapar i samhandling og kommunikasjon.

  • brukarorientert tilnærming

  • evne til å vera nyskapande i arbeidet

  • Kunnskap om geriatri og demensomsorg.

  • Gode norsk kunnskaper munnleg og skriftleg

  • Gode datakunnskaper og god tileigning av aktuelle lovverk og turnusarbeid

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert sjukepleiar

  • Det er ei føremun med erfaring innan geriatri og demensomsorg.

  • Kunnskap om turnus og arbeidstid er ein fordel.

  • Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentlig tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål: Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane 53454510 / 92486358

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stord kommune orgnr: 976672755
Kort om arbeidsgiver

Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 05-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/27e75a88-1302-4c16-b9b3-4ee7ee6e5a82
Stillingsregistrering