Job Description

Published 10-07-2024
Deadline: 18-08-2024

 

ID 2235 Personal- og organisasjonssjef

Stord kommune søkjer etter personal- og organisasjonssjef. Stillinga inngår i kommunedirektøren si leiargruppe, og skal vera ein pådrivar i arbeidet med den vidare utviklinga av kommunen under visjonen <>. Stillinga har eit særleg ansvar for organisasjonsutvikling og den overordna arbeidsgjevarpolitikken.

Personal- og organisasjonssjefen representerer sitt ansvarsområde i ulike politiske og administrative møte.

Ansvarsområde

  • Lønn og personal

  • Kompetanseutvikling

  • Helse, miljø og tryggleik (HMT)

  • Kontakt med arbeidstakarorganisasjonane, m.a. årlege lønnsforhandlingar

  • Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og digitalisering

  • Fellestenester på Rådhuset (inkludert politisk sekretariat)

  • Medlem av den kommunale kriseleiinga

  • Stillinga er ansvarleg for 3 leiarar

Me søkjer ein leiar som:

  • Har relevant leiarerfaring

  • Har erfaring og kompetanse frå omstillings- og endringsarbeid

  • Har gode samarbeidsevner og er opptatt av å skapa eit godt arbeidsmiljø

  • Har gjennomføringsevne og er oppteken av resultat

  • Har god rolleforståing og verdset partssamarbeidet

  • Har god digital kompetanse

Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet, min. på bachelor-nivå. Mastergrad innan leiing, administrasjon, organisasjon er ein fordel.

  • Har god kunnskap og erfaring om lov- og avtaleverk og HMT

  • God forståing for offentleg administrasjon og politikk vil bli vektlagt

  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk/nynorsk.

Me tilbyr:

  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i ein kommune i utvikling

  • Positive og dyktige medarbeidarar

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt, trimrom og utleige av tilhengar mm.

  • Lønn etter avtale

  • Ei av Noregs sikraste pensjonsordningar

Stord kommune står ovanfor store utfordringar for å tilpasse oss framtida. Endringar i ansvarsområdet til Personal og organisasjonssjef kan bli aktuelt.

Ta gjerne kontakt for ein uformell samtale.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stord kommune orgnr: 976672755
Kort om arbeidsgiver

Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <>. Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 18-08-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ade265bd-65d4-4d7f-b9eb-8d186c46f2e6
Stillingsregistrering