Job Description

Published 25-06-2024
Deadline: 14-07-2024

 

ID 2224 Fosterheim/kommunal familieheim – Sunnhordland interkommunale barnevernteneste

Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste søkjer fosterheim/kommunal familieheim til barn med særskilde omsorgsbehov, fortrinnsvis i Stord kommune.

Me søkjer etter fosterheim som kan ivareta omsorga for eit barn i ungdomsskulealder. Det er ingen krav til formell kompetanse, men det er ein stor fordel dersom dykk har erfaring med barn som har særskilde omsorgsbehov.

Me søkjer ein familie:

  • med to vaksne som har ein stabil familiesituasjon med alminneleg god fysisk og psykisk helse, og ingen yngre barn i heimen

  • som vil ta på dykk ei krevjande, men viktig omsorgsoppgåve som fosterheim for eit barn som har omfattande og særskilde omsorgsbehov

  • som ønskjer å bidra til å skape ein trygg omsorgssituasjon for eit barn i ein sårbar situasjon, og har mykje kjærleik og omsorg å gi

  • med omsorgspersonar som er trygge på seg sjølve, tolmodige, engasjerte og har tid og overskot til å setje barnets behov fremst

<> treng ein heim som kan gi han den kjærleiken og støtta som alle barn treng, i tillegg til ein heim som kan møta hans særskilde omsorgsbehov. Han er aktiv, spenningssøkjande, hyggeleg, blid og smilande, og trivst svært godt utandørs. Han trong mykje vaksenkontakt og vaksne som er stødige og tydelege i grensesetting. <> trong vaksne som helde ut vanskelege situasjonar og hjelper til med å reparera relasjon etter diskusjonar og ueinigheita.

<> har tett kontakt med sin familie og det vil vera viktig for han å oppretthalde denne kontakten til tross for at han ikkje kan bu heime. Det vil vera viktig for han at det er tett samarbeid mellom fosterheim, foreldre, barnevern og andre hjelpeinstansar. Det er mange rundt <> som bryr seg om han og som ynskjer å stilla opp og støtte opp om ei positiv utvikling.

Det vil for denne ungdommen ver viktig at det er to vaksne som samarbeider godt, som gir gode forklaringar på kvifor ting skjer, han trong mykje føreseielegheit og tryggleik. Han er glad i å vera ute på tur, fiske, helde på med dyr, likar godt fart og spenning, utforska nye ting og er stort sett positiv til dei fleste aktivitetar.

<> har store utfordringar med å regulera seg, han er impulsiv og hamnar ofte i situasjonar som blir vanskeleg for han, fordi han ikkje tek seg tid å tenkja seg om. Han trong difor vaksne som hjelper han med å finne måtar å handtere ulike utfordringar på og vaksne som kan ha openheit og ærlighet rundt forskjellige dilemma.

Kva inneber oppdraget:

Fosterheimen vil inngå i eit fagleg team rundt barnet. Barnet vil ha kontakt med fleire offentlege instansar som skal gi han den oppfølginga som han treng for å klara seg i kvardagen. Barnet har vedtak om koordinator og ansvarsgruppe. Det vil vera behov for tett samarbeid med instansar som blant anna fastlege, BUP, PPT, skule, barnevern og føresette. Barnets familie vil vera ein stor del av livet hans og ønskjer å bidra og støtta oppunder han i utviklinga.

Barnet vil ha rett på omfattande avlastning, men ein av dykk må vera innstilt på å ha oppdraget som fulltidsarbeid over fleire år framover. Dette innebere at ein vaksen har oppdraget som fulltidsjobb og vil bli tilsett som familieheim/fosterheim i Stord kommune.

Kva får du som familieheim/fosterheim for Stord kommune:

  • 5 års kontrakt som oppdragstakar for Stord kommune

  • 100% frikjøp der arbeidsgodtgjering blir vurdert ut frå utdanning og erfaring (maks 6 G) og regulert årleg etter satsar for grunnbeløp

  • Kompensasjon for meirkostnader til privat pensjonsavtale

  • Arbeidsgodtgjering kvar månad, også i friperiodar

  • Utgiftsdekking etter alder på barnet som tilsvara per 2024 10 125,- sats reguleres årleg etter statens grunnbeløp

  • Tett oppfølging frå barnevernstenesta, samt eigen rettleiar som vil gje fagleg bistand og støtte

  • Avlasting minimum kvar 3 helg, og 30 organiserte fridagar per år

Politiattest må framleggast ved kontraktinngåing jf. Lov om barnevern § 12-11 sjette ledd. Denne attesten blir henta inn ved eventuell kontraktinngåing.

Interesse om oppdraget vil bli behandla fortløpande. Det blir gjennomført kartleggingssamtale med aktuelle kandidatar. Opplærings- og vurdering-/godkjenningsprosessen vil skje i samarbeid med BUF-etat. Svarfrist: 08.07.2024

Informasjonen om barnet er anonymisert. Me ber deg som tenkjer at dette kan vera noko for deg og din familie om å ta kontakt.

Ved behov for meir informasjon eller dersom dette er aktuelt for deg og din familie, ta kontakt for ein uforpliktande prat om oppdraget som fosterheim, med Jill Christin Kildal på telefon 468 42 947 eller epost: jill.christin.kildal@stord.kommune.no eller Marianne Kannelønning på telefon 942 40 106 eller epost: marianne.kannelonning@stord.kommune.no

De kan og finne meir informasjon om kva det inneber å ver fosterheim påBufdirsine nettsider, samt Stord kommune sine nettsider.

Nærare opplysningar om stillinga hos einingsleiar Marianne Kannelønning, epost marianne.kannelonning@stord.kommune.no

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stord kommune orgnr: 976672755
Kort om arbeidsgiver

Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Frilanser Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 14-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/da904cd3-5129-4f8d-bf1b-8f5e8c059a4a
Stillingsregistrering