Job Description

Published 17-03-2025
Deadline: 31-03-2025

HR-rågjevar innanfor personaladministrasjon

Er du ein serviceinnstilt og detaljorientert person med interesse for personaladministrasjon inkludert lønn? Har du evne til å handtere fleire arbeidsoppgåver samtidig og trivst med å rettleie andre? Då kan du vere den vi leitar etter! Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) søkjer no ein HR-rådgjevar som kan bidra til å styrkje vår HR-desk og sikre kvalitet i våre personaladministrative prosessar.
 
Du skal:

  • sakshandsame  og gi støtte innanfor personaladministrasjon, inkludert lønn
  • handtere og følgje opp førespurnader til HR (betene HR-desk)
  • bidra til å digitalisere arbeidsprosessar og vidareutvikle rutinar og retningslinjer

 
Kvalifikasjonar
 
Du må ha:

  • relevant bachelorgrad. Minimum eitt årsstudium frå høgskule og relevant erfaring kan kompensere for kravet til bachelorgrad. Utdanning frå utlandet må vere godkjent av Direktoratet for høgare utdanning.
  • erfaring med sakshandsaming  knytt til ei eller fleire av arbeidsoppgåvene
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Følgjande personlege eigenskapar:
    • strukturert – evne til å handtere fleire arbeidsoppgåver samtidig
    • fleksibel – tilpassingsdyktig og endringsvillig
    • lagspelar – god relasjonsbyggjar som deler erfaring og samarbeider
    • god gjennomføringsevne – tek  initiativ og jobbar sjølvstendig
    • tillitsskapande og serviceinnstilt

 
Vi ønskjer at du har:

  • erfaring med sakshandsaming  frå offentleg sektor
  • god tallforståing
  • erfaring frå tidsadministrasjon, inkludert turnus
  • god forståing for lov- og avtaleverk
  • interesse for å ta i bruk nye digitale verktøy og system på HR-området

 
Vilkår
Fast stilling som rådgjevar (stillingskode 1434) med årsløn frå kr 600 000 til 700 000.
 
Om avdelinga og stillinga
DSB er ein kompleks organisasjon som omfattar mange ulike fagområde og eit breitt spekter av profesjonar og kompetanseområde. HR har ein sentral funksjon som støtte for heile verksemda. Avdelinga har ansvar for fagområda rekruttering, kompetanseutvikling, leiarutvikling, personaladministrasjon, lønn, organisasjonsutvikling, medbestemming og HMS. HR har 13 medarbeidarar med brei kompetanse innanfor HR-faget.
Du vil bli ein del av personaladministrasjonsteamet vårt som i dag består av sju engasjerte kollegaer. Teamet har ansvar for personaladministrasjon, sjukefråværsoppfølging, HMS, lønn og kontroll av lønnsutbetalingar, inkludert reiserekningar. Teamet har òg eit ansvar for å svare ut saker som kjem til vår HR-desk.
 
 
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 700 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
 
 
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik.
 
 
Hos oss får du

  • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/
  • fleksibel arbeidstid
  • bedriftshelseteneste
  • høve til å trene i arbeidstida
  • tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg

  
 
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
 
 
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
 
 
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.
 
 
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
Avdelingsdirektør Kirsten Agerup: e-post kirsten.agerup@dsb.no, telefon 33 37 33 14
 
Du finn meir informasjon om DSB på www.dsb.no og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på www.dsb.no/jobb. Velkomen som søkjar hos oss!
 
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap orgnr: 974729385
Kort om arbeidsgiver
Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Personal, arbeidsmiljø og rekruttering
Sted TØNSBERG (Adresse: Postnr: 3115)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b1fe16cc-6bb2-43f2-ae60-7525d0494c87
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31