HR-rådgjevar – HR-rådgjeving, Helse Førde

Kontor og økonomi Personal, arbeidsmiljø og rekruttering

(3 days ago)

  • FØRDE
  •  Post Date: 5. January 2025
  •  Expire date: 26. January 2025
Job Description

Published 05-01-2025
Deadline: 26-01-2025

 

HR-rådgjevar

HR-rådgjeving er ein av fem seksjonar i HR-avdelinga. HR-rådgjeving yter leiarstøtte og har systemansvar innan personal og HMS. Seksjonen består i dag av seksjonsleiar,
tre HR-rådgjevarar, ein forhandlingssjef, to juristar/advokat og ein HMS-rådgjevar. Frå våren 2025, også ei prosjektstilling knytt til nærværsarbeid.

Vi har ledig 100% fast stilling som HR- rådgjevar med vekt på rekruttering. Stillinga vil vere to-delt: 50% implementering og vidareutvikling av Helse Førde sin rekrutteringsstrategi og 50% anna HR-rådgjeving. Vi søkjer etter ein fagleg dyktig, engasjert og utviklingsorientert medarbeidar. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø og engasjerte kollegaer.

I Helse Førde arbeider vi kontinuerleg med å utvikle og forbetre oss slik at vi kan levere best mogelege tenester til innbyggarane våre. For å få dette til, treng vi kompetente og motiverte medarbeidarar. Dei medarbeidarane vi rekrutterer no, og dei medarbeidarane vi beheld, skapar framtida til Helse Førde. Les meir om Helse Førde HF.

Er du den som er god på å drive dette viktige arbeidet? 

Førde er administrasjonssenter i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Sjekk ut kva Sunnfjord kommune har å tilbyr.

Oppstart stilling: snarast/etter avtale. 

Arbeidsoppgåver

  • Styrke implementering- og vidareutvikle  Helse Førde sin rekrutteringsstrategi
  • Vere kontaktpunkt mot klinikkdirektør og leiargruppe
  • Opplæring av leiarar innan HR-faget med særleg vekt på rekruttering
  • Rådgje innan gjeldande lov- og avtaleverk
  • Bidra til effektivisering av HR-prosessar
  • Delta i prosjekt og tverrgåande arbeid i organisasjonen etter behov
  • Andre HR-relaterte oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning
  • Bør ha erfaring frå leiing, HR- og rekrutteringsarbeid
  • Kunnskap om lov- og avtaleverk
  • Gode IKT – kunnskapar
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Har fagleg god vurderingsevne
  • Er resultat- og løysingsorientert
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
  • Har gode samarbeidsevner
  • Er engasjert og motivert
  • Trivast i eit aktivt miljø

Vi tilbyr

  • Spanande arbeidsoppgåver i ein stor og profesjonell kompetanseorganisasjon
  • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Eit føretak som ligg i forkant når det gjeld bruk av elektroniske HR-system
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Inger Johanne Sætenes, Seksjonsleiar, 469 29 153

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 4900470070
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver HR-rådgjeving, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Personal, arbeidsmiljø og rekruttering
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 26-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/98acbba0-c818-47cb-a39b-c131357ebde9
IMPORTAPI