HR -rådgivar – Aukra kommune Organisasjonsavdelinga

Kontor og økonomi Personal, arbeidsmiljø og rekruttering

(6 days ago)

  • AUKRA
  •  Post Date: 19. December 2024
  •  Expire date: 13. January 2025
Job Description

Published 19-12-2024
Deadline: 13-01-2025

 

HR -rådgivar

Brenn du for menneske og organisasjonar? Vil du bidra til løysningar som verkeleg betyr noko? Da kan du vere den rette medarbeidaren vi ser etter.  

Kven er vi? 

Vi er ein dynamisk og framtidsretta organisasjon som står på for å utvikle kommunen sin evne til å møte nye krav og måtar å jobbe på. Gjennom innovasjon skaper vi ein framtidsretta kommune. Vi har ansvar for overordna HR-strategi og rammeverk. Kommunen har om lag 30 leiarar som får støtte frå oss.  

Kven er du?  

Vi ønsker deg som er nysgjerrig og som ser moglegheiter i menneske og teknologi. Du er entusiastisk pådrivar for utvikling og forbetring. Du blir trigga av å lære og å utvikle deg. Du liker at dagane er varierte.  

Det er flott om du har bakgrunn frå HR og leiing, men vi er mest opptatt av kva du kan tilby oss. Du er analytisk og ser løysningar. Du verdsett gode relasjonar, kommuniserer godt og skapar tillit.   

Vi ønsker at du har høgare utdanning. Det kan gjerne vere innan organisasjonsutvikling og leiing, men vi er opne for at du kan ha anna utdanningsbakgrunn. Vi legg vekt på at eigenskapa dine passar rolla du vil få.  

Dersom du ikkje kjenner til offentleg lov- og avtaleverk, vil vi dele kunnskapen vår med deg.  

Kva for oppgåver vil du få jobbe med?  

Hos oss vil du jobbe både med strategiske og operative oppgåver. Fokuset vårt er organisasjonsutvikling på alle nivå. Det betyr at du vil få spennande oppgåver innan leiar- og medarbeidarutvikling. Vidare vil du jobbe med rekruttering og onboarding. Vi vil ta i bruk digitale læringssystem og her vil du få ei sentral rolle. Du vil ha tett kontakt med alle våre leiarar. Vi er eit sterkt team som deler oppgåvene mellom oss. 

Kva kan vi tilby deg?   

Du vil jobbe i kommunen som nyleg ble kåra til Noregs best styrte kommune. Du får ein utfordrande og spennande arbeidsplass der du får vere med å forme kommunen. Vi som blir kollegaene dine stortrivast her. Vi er eit sterkt og støttande fagmiljø og har tillitsbasert arbeidsmiljø. Vi har flotte leiarar og kollegaer som vil ta godt i mot deg. Vi har lønn etter avtale, moglegheit for støtte til etterutdanning og svært gode pensjons- og forsikringsordningar. 

Vil du vite meir?  

Ta kontakt for ein uformell prat med kommunalsjef, sektor for organisasjonsutvikling Kirsti Angelhus, tlf. 99225858. 

Søknad 

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut søknadsskjema via funksjonen “Søk på stilling” 

 

Sjå promoteringsfilm for Aukra kommune: Aukra kommune

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Aukra kommune Organisasjonsavdelinga orgnr:
Kort om arbeidsgiver Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal og er kjent for sin robuste økonomi. Kommunen har 3700 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort.

Aukra kommune har omlag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i to nivå: kommunedirektør, kommunalsjefar og tre stabs- og støtteavdelingar samt 11 einingar. Kommunen har gode utviklingsmulegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.

Våre verdiar er “Attraktiv – Uredd – Kvalitet – Raus – Arbeidsglede

Organisasjons- og personalavdelinga varetar overordna arbeidsgjevaransvar. Vi har eit stort engasjement for at kommunen skal nå måla om gode tenester. Vi bidreg med leiarstøtte, prosjektstøtte og prosessrettleiing. Vi legg stor vekt på meistringsorientert og myndiggjerande leiing.

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Personal, arbeidsmiljø og rekruttering
Sted AUKRA (Adresse: Nyjordvegen 12 Postnr: 6480)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/41b11f4e-9428-4add-8fae-6871459eb5ef
IMPORTAPI