HR partnar – Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)
Kontor og økonomi Ledelse, administrasjon og rådgivning(1 day ago)
Job Description
Published 18-11-2024
Deadline: 09-12-2024
HR partnar
Vi er DIO!
Det nye regjeringskvartalet er i ferd med å reise seg og vil opne for nye arbeidsformer, moglegheiter og utfordringar, gjennom forsterka tryggleik og større teknologisk moglegheitsrom.
Vår ambisjon? Å utløyse krafta i fellesskapet.
Med eit stort og kompetent tverrfagleg miljø, treng vi fleire dyktige kollegaer som kan hjelpe oss med å skape løysningar som verkeleg betyr noko for samfunnet. Vil du vere med på å styrkje Noregs demokratiske institusjonar gjennom teknologi?
Første januar 2025 blir vi departementa sin digitaliseringsorganisasjon – DIO.
Vi står overfor ein betydeleg endringsreise. Tre IKT-organisasjonar skal transformerast til éi digitaliseringsorganisasjon, med felles kultur, tankesett og ambisjonar. Dette krev ein fremtidsretta HR-strategi og solid støtte til våre leiarar – og her kjem du inn.
Kva blir dine oppgåver?
I rolla som HR partnar vil du få moglegheita til å påverke og utvikle DIO sin viktigaste ressurs: våre tilsette. Du vil spele ei sentral rolle i å bygge og vedlikehalde ein sterk og inkluderande kultur, samtidig som du støttar leiarar og tilsette i deira daglege arbeid. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å vere med på ei spennande vekstreise.
Som ein del av Seksjonen for HR og kommunikasjon, vil din innsats vere avgjerande for å bygge ein solid og inkluderande organisasjonskultur som støttar vår strategiske utvikling. Seksjonen fungerer som DIO sitt kontaktpunkt for alt som gjeld medarbeidaropplevinga, personaladministrasjon og kommunikasjon. Du vil vere ein sentral aktør, og vil saman med seksjonsleiar bidra til å forme ein framtidsretta, attraktiv arbeidsplass der tilsette kan yte sitt beste. DIO vil bli betjent av eit stort fagmiljø i DSS HR, som både leverer standardiserte HR-tenester og støttar opp med fagekspertise og skreddarsøm i breidda av HR-oppgåver. Som HR-partnar bestiller du og følgjer opp desse tenestene, og styrer dialogen rundt DIO sine behov.
Som HR partnar vil du ha ansvar for:
- strategisk og operativ HR-rådgiving: Vere ein nær samarbeidspartnar for leiarar og tilsette, og vere ein nøkkelperson i forhandlingar på individ- og organisasjonsnivå.
- fremje beste HR-praksis: Optimalisere HR-prosessar og vere ein drivkraft for kontinuerleg utvikling som sikrar ei effektiv og velfungerande HR-avdeling.
- medbestemmelse og partssamarbeid: Jobbe tett med verneombod, tillitsvalde og avdelingsleiarar for å sikre eit tett samarbeid og medbestemmelse.
- samarbeid med eksterne leverandørar: Fungere som kravstillar og samarbeidspartnar for HR-tenester som blir levert av DSS og DFØ, etablere partnarskap med desse miljøa og sikre at tenester som rekruttering, løn og personaladministrasjon blir levert i samsvar med avtalt kvalitet.
- kulturbygging: Aktivt bidra til utvikling og oppfølging av vår verksemdskultur, inkludert oppfølging av medarbeidarundersøkingar og leiarstøtte.
Kven er du?
Vi søkjer deg som har:
- høgare utdanning innan HR og leiing eller tilsvarande relevant fagområde. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- omfattande erfaring med HR-arbeid, spesielt innan leiarstøtte, kulturbygging og personalutvikling. Erfaring som HR-partnar, prosjektleiar eller i ei tilsvarande rolle der du har hatt strategiske og operative oppgåver, er ein fordel.
- sterk forståing for medbestemmelse og erfaring med samarbeid med verneombod og tillitsvalde. God kjennskap til relevant lov- og avtaleverk, spesielt Hovudavtalen og Hovudtariffavtalen i staten.
- erfaring med HR-system og prosessar, gjerne med implementering og optimalisering.
- erfaring frå ei rolle som HR partnar, som prosjektleiar eller tilsvarande rolle med strategiske og operative oppgåver vil vere ein fordel.
For å lukkast og trivast i DIO er du ein ansvarleg pådrivar som er:
- engasjert: Du er driven av vårt samfunnsoppdrag og har eit genuint ønske om å bidra til fellesskapets beste.
- proaktiv og løysingsorientert: Du evnar å tenkje strategisk, samtidig som du handlar operativt og sørgjer for effektive løysingar.
- ein lagspelar: Du samarbeider tett med leiing og tverrfaglege team, og byggjer gode relasjonar gjennom sterk kommunikasjon og tillit.
- gjennomføringsdyktig: Du er strukturert og jobbar effektivt, også under tidspress, for å levere resultat.
- utviklingsorientert: Du er fleksibel, open for endringar og bidreg aktivt til kontinuerleg forbetring.
- ein sterk kommunikator: Du har svært god framstillingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg.
Vilkår og betingelsar
Vi tilbyr:
- eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag
- gode utviklingsmoglegheiter og moglegheit til å påverke selskapets vidare utvikling
- ansvarsfull, utfordrande og variert kvardag i ein innovativ og vekstorientert organisasjon
- eit inkluderande fagmiljø beståande av høgt kompetente medarbeidarar, med fokus på trivsel og fagleg utvikling
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- fleksibel arbeidstid og øvrige velferdsgoder
- lokaler i hjartet av Oslo
DIO er ein ny etat som blir operativ frå 1.1.2025. Ettersom vi er under etablering, må du trivast i ein uforutsigbar og hektisk kvardag, og kunne tilpasse deg nye arbeidsformer, arbeidsoppgåver og endringar i organisering. Vi gjer merksam på at arbeidsoppgåver, innen relevant ansvarsområde, kan endrast for å tilpasse DIO sine utviklingsbehov og strategiske målsettingar.
Stillingen blir lønna som seniorrådgivar (stillingskode 1364) med bruttolønn pr. år frå kr 720 100 – 845 900 (lønnstrinn 72 – 79), jf. Hovudtariffavtalene i staten. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
Tilsetjing føreset at kandidaten kan sikkerheitsklarerast for nivå HEMMELEG / NATO SECRET, etter krav i Sikkerheitslova, på tiltredingstidspunktet.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkjar bli gjort offentlege, sjølv om du har bedt om å bli unntatt frå søkjarlista.
Vil du bli ein av oss?
Vi ønskjer at HR-partnar kjem om bord og blir ein del av DIO snarast mogleg.
Vil du snakke med oss om stillinga? Då kan du kontakte:
- Unni Anette Johnsrud, avdelingsleiar for Verksemdsutvikling i DIO, e-post: unni-anette.johnsrud@dss.dep.no
- Sofie Michelle Berg Swainsbury, HR-rekrutteringsrådgivar DSS, på e-post: sofie-michelle.berg.swainsbury@dss.dep.no
Søknadsfrist: 09.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
DIO er departementa sin digitaliseringsorganisasjon. Vi understøtter to av landets viktigaste demokratiske institusjonar – regjeringa og departementa. Vårt oppdrag er å styrkje deira evne til å løyse komplekse samfunnsoppdrag gjennom sikker teknologi, digitalisering og innovasjon. Våre grunnverdiar er å vere ansvarleg, inkluderande og ein pådrivar for positiv endring. Vi trur at ved å omfamne mangfald og fremje ein inkluderande kultur blir vi betre rusta til å møte desse utfordringane. Folk med ulike bakgrunnar og perspektiv finn nye og kreative måtar å løyse oppgåver på, noko som er avgjerande for vår evne til å levere effektive og innovative løysingar. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i nemnde grupper må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling. Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbsøkarportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn.
Les meir på dio.dep.no |
Webside | https://www.regjeringen.no/no/dep/dfd/id810/ |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Ledelse, administrasjon og rådgivning |
Sted | OSLO (Adresse: Biskop Gunnerus gate 6 (Byporten) Postnr: 0155) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 09-12-2024 |