Homlagarden søker salgs & kontormedarbeider – Homlagarden As
Sales, retail and retail trade Sales, retail and merchandising(21 hours ago)
Job Description
Published 27-12-2024
Deadline: 12-01-2025
Homlagarden søker salgs & kontormedarbeider
Brenn du for å få bærekraftig mat ut til folket, er open og utadvendt, samt ynskjer ein variert og fleksibel arbeidskvardag?
Me søker salgs- og kontormedarbeidar i 60-80% stilling til vårt fjørfeslakteri, til 1 fast stilling.
Om stillinga
På Homlagarden produserer me økologisk kylling og kalkun, der bærekraft og dyrevelferd sit i hovudsetet. Med vårt eige rugeri, fjørfehus, slakteri, og pakkeri, eig og styrer me heile prosessen frå egget vert lagt til produktet er klar til butikken. Dette skapar ein variert og spanande arbeidsplass. No har me behov for å styrke administrasjonen vår og søkjer deg som har lyst til å være med å utvikle Homlagarden vidare.
Du vil væra med på å klargjere produkt for sal, marknadsføre desse ut til både private og bedriftskundar, behandle innkommande ordre og klargjere desse for sending. Du vil også være med å halde styr på logistikken rundt pakking og lagring av varer, samt planlegging av hektiske og kjekke kalkunsesongar opp mot jul og nyttår. På Homlagarden gjer me alt sjølve, noko som innebær at du ofte får komma deg vekk frå skjermen ei stund for heller å pakke klart ein palle for sending, eller på travel dagar bistår med å vege og merke produkt. Nokre ettermiddagar er du kanskje på tur med landets beste kylling og kalkun i bilen ut til glade kundar på REKO-utleveringar i nærområdet.
Arbeidsoppgåvene kan tilpassast noko etter kva eigenskapar og styrker du tar med deg inn i stillinga, men det er viktig du vil kunna trivst med ein del sals- og marknadsarbeid og dermed er open og sosial i møte med andre menneske. Kanskje er du også rågod på rekneskap og klør i fingrane eller å fordjupe deg i ei spanande og unik bedriftsstruktur? Eller du elskar systematikk og planlegging og gler deg til å få kvardagslogistikken til å skli saumlaust? Dersom sosiale medier er di greie og du vil hjelpe oss å vise fram våre flotte fuglar og folk til verda vert me også jublande glade. Her er det rom for både tilpassing og utvikling.
Arbeidstid
Faste arbeidsdagar mandag og tirsdag, øvrige dagar kan tilpassast noko. Stillinga vil innebære omlag 60-80%, med arbeid 3-4 dagar i veka året rundt. Fulltid og potensielt noko overtid på påreknast i høgsesong oktober-desember. Med potensiale for utvida stilling på sikt for rette person.
Ynskja kvalifikasjonar
-
Erfaring med sals- og marknadsarbeid er ein stor fordel
-
Erfaring frå ordrebehandling og varelogistikk er ein stor fordel
-
Erfaring med rekneskap og/eller anna kontorarbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
-
Kjennskap og erfaring med økologisk matproduksjon ein er ein fordel
Personlige egenskaper
-
Beherska norsk og engelsk, muntleg og skriftleg
-
Ha god arbeidsmoral og lika å gje ein innsats i eit hektisk miljø med sesongvariasjonar
-
Er open og sosial i møte med kundar
-
Har gode datakunnskaper og erfaring med Office-program
-
Trivst med litt fysisk arbeid, og ha god helse
-
Pliktoppfyllande, sjølvstendig, punktleg og nøyaktig
-
Fleksibel og løysningsorientert, positiv til å ta ansvar for nye oppgåver
-
Positiv haldning og gode samarbedsevner i eit fleirkulturelt miljø
-
Engasjement for økologi og bærekraft
Me tilbyr
-
Spanande og fleksibelt arbeid i eit positivt og variert miljø
-
Oppfølging og moglegheit for personleg og fagleg utvikling
-
Gode betingelsar
-
Ordna arbeidsforhold
Tiltreding 1. mars eller tidligare ved høve.
Ved interesse ta gjerne kontakt, så kan me gje ein meir utfyllande stillingsinformasjon.
Søknadsfrist 12. januar.
Kontakt: kristine@homlagarden.no / tlf 48464438
www.homlagarden.no
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Homlagarden As orgnr: 991881255 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Homlagarden driv økologisk sertifisert produksjon av kylling og kalkun, der me sjølve står for all drift frå egg til ferdig produkt, inkludert transport og stell, samt produksjon og pakking i vårt eige moderne slakteri og pakkeri. I slakteri og administrasjon er me per i dag 16 faste ansatte, og ein del ekstraarbeidarar me nytter ved behov. Me har fast produksjon av kylling kvar veke gjennom heile året, samt 3 periodar med noko meir aktivitet under kalkunproduksjonen. |
Webside | https://Homlagarden.no |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Salg, butikk- og varehandel |
Sted | NORHEIMSUND (Adresse: Aksnesvegen 70 Postnr: 5600) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-03-2025 |
Søknadsfrist | 12-01-2025 |