HMS-koordinator – Myklebust Verft As

(4 days ago)

  • GURSKEN
  •  Post Date: 26. March 2025
  •  Expire date: 15. April 2025
Job Description

Published 26-03-2025
Deadline: 15-04-2025

HMS-koordinator

Myklebust Verft er inne i ei spanande periode med mykje arbeid. Vi er eit kombinasjonsverft med oppdrag innan nybygg, større ombyggingar og ulike ettermarknadsoppdrag, og har ca 135 faste tilsette.

Hva vi ser etter

Vi ser etter deg som har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk, er ansvarsbevist, proaktiv og målretta. Du må ha eit sterkt engasjement for HMS, ha gode samarbeidsevner, vere løysingsorientert og lærevillig.

Erfaring frå maritim næring er ynskjeleg, men ikkje eit krav. Arbeidserfaring med HMS-arbeid er ein fordel. Du må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Arbeidsoppgaver

Hovudoppgåver og ansvar:

  • Koordinere aktivitetar og utstede arbeidstillatelsar der dette krevst

  • Følgje opp verksemda sine HMS-mål og sørge for god kommunikasjon av desse

  • Analysere trendar og foreslå tiltak på skade- og andre HMS-nøkkeltal

  • Delta i opplæring av nytilsette, innleige og besøkande

  • Registrere og følgje opp skader, uønska hendingar og andre HMS-saker

  • Fremme kontinuerleg læring og forbetring

Arbeidsstad er Myklebust Verft i Gursken i 100% stilling

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med:

HMSK-leiar Thomas Frekøy Skeide, tlf 468 44 922

HR- og organisasjonssjef Ida Bigset Storaker, tlf. 988 03 925

Vi tilbyr

Myklebust tilbyr:

  • Konkurransedyktig løns- og arbeidsvilkår

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver

  • Trivelig arbeidsmiljø med høve til fagleg utvikling

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Fleksitidsordning

  • Velferdsgoder

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Myklebust Verft As orgnr: 971739649
Kort om arbeidsgiver

På Myklebust er vi stolte av å representere over 100 år med skipsbyggarhistorie. Engasjerte medarbeidarar er vår viktigaste ressurs. I kombinert med høg satsing på kompetanse vil dette sikre oss konkurransefortrinn dei neste 100 år.

Myklebust Verft har om lag 135 tilsette fordelt på 15 avdelingar. Dei internt tilsette på verftet representerer åleine over 35 ulike stillingar og titlar. Vidare samarbeider vi tett med underleverandørar og kundar i ein kompleks bransje som ligg langt framme når det gjeld nyskaping og utvikling.

Vi arbeider aktivt for å vere eit berekraftig og fleksibelt verft. Berekraft og utvikling er viktig for alle våre tilsette, og er med på å trygge arbeidsplassane våre også i framtida.

Webside https://www.myklebustverft.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse- og miljørådgivere
Sted GURSKEN (Adresse: Gurskevegen 68 Postnr: 6082)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 15-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6c7859cd-12a2-43fc-a957-0c4ef9f3d84c
Stillingsregistrering

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31