Job Description

Published 13-12-2024
Deadline: 21-12-2024

 

HJELMELAND IDRETTSLAG – KOMBINERT STILLING SOM AKTIVITETSLEIAR , TRENAR- OG SPELARUTVIKLAR OG ADMINISTRASJONS-SEKRETÆR

VIL DU VERA POTETA VÅR?
Hjelmeland idrettslag er på jakt etter ein allsidig person som kan vera med å utvikla klubben både sportsleg og organisastorisk. Og som har lyst til å jobba for at barn og unge skal ha gode trenings- og fritidstilbud.

Hva vi ser etter

Me leitar etter deg som :

Har gode samarbeidsevner, omstillingsevne og fleksibilitet, kan jobbe sjølvstendig, strukturert og målretta og som er engasjert, initiativrik og kreativ.

Har gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg, gode digitale ferdigheter og som er eldre enn 18 år.

Arbeidsoppgaver

Aktivitetsleiar

Me har ope klubbhuset to dagar i veka for barn frå 5. – 7. kl. Her skal dei få mat, og dei skal få vera fysisk aktive og ha det kjekt i lag. Me treng deg som kan vera aktivitetsleiar og organisera dette tilbodet

Me ønskjer å starte opp eit ungdomsklubbtilbod der ungdom frå ungdomsskulealder kan ha ein stad å vera, anten det er i idrettshallen eller på Klubbhuset. Jobben vil vera å administrera dette tilbodet.

Spelar- og trenarutviklar

Me ønskjer å vera ein kvalitetsklubb i fotball, og ønskjer deg som kan vera med å utvikle trenarar og spelarar.

Organisasjonssekretør

Hjelmeland idrettslag treng også deg som kan ta deg av enkle administrasjonsoppgåver for idrettslaget, som t.d. å sende søknadar om støtte til prosjekt og tiltak, organisera dugnad og aktivitetar og drive informasjonsarbeid.

Vi tilbyr

Me tilbyr varierte og spennande arbeidsoppgåver.

Me gir det mulighet til eit meiningsfullt arbeid der du får vera med å skapa gode aktivitetstilbod for barn og unge.

I denne stillinga vil du kunna bidra til å utvikla Hjelmeland idrettslag både sportsleg og organisatorisk.

Løn etter avtale.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hjelmeland Idrettslag orgnr: 917058156
Kort om arbeidsgiver

Hjelmeland idrettslag er eit idrettslag som har sin aktivitet i Hjelmeland kommune.
Me har over 400 medlemmer og har treingstilbod innafor fotball, handball og ski. Me driv også med småbarnstrim og litt friidrett.
Me har Klubbhuset vårt ved sentralidrettsanlegget på Hjelmeland.
Mottoet vårt er: Idrettsglede, engasjement og plass til alle!

Webside
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted HJELMELAND (Adresse: Ramsbu 37 Postnr: 4130)
Stillingstype Prosjekt Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 21-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/964b02a6-1a51-4864-85c5-da26d78912ed
Stillingsregistrering