Job Description
Published 02-04-2025
Deadline: 27-04-2025
Helsesjukepleiar med fagansvar
Om stillingen
Vaksdal Kommune søkjer ein engasjert helsesjukepleiar til ei stilling der du får brukt heile spekteret av din kompetanse.
Helsestasjon og skulehelsetenesta er organisert under avdeling for tverrfagleg helse som i dag består av ca 15 årsverk, av desse er 3 helsejukepleiarstillingar.
Kommunen ligg på 25 -30 fødslar årleg og har samarbeid med Voss sjukehus om jordmortenesta.
Idag har Vaksdal kommune 3 skular, 3 barnehagar og 2 oppveksttun.
I tillegg til ordinære arbeidsoppgåver som helsesjukepleiar vil du ha eit utvida ansvar for å drive fagutvikling i samarbeid med avdelingsleiar for tverrfagleg helse og vår oppvekstrettleiar.
Tverrfagleg helse har førebyggings- og familieperspektivet i fokus. Samhandling på tvers av tenester, og opp mot spesialisthelsetenesta vil difor vera ein viktig del av arbeidet. Me ynskjer oss derfor ei helsesjukepleiar som ser verdi i tverrfagleg samarbeid.
Arbeidsoppgaver
- Arbeid i samhandling med born og deira familier
- Helseundersøkingar og samtalar
- Ansvar for fagutvikling, rutinearbeid, samhandling med første og andre linjetenesta.
- Fagmøter, undervisning, foreldrerettleiing, koordinatorfunksjon o.l
- Migrasjonshelse, born som pårørande m.m
- Arbeid i psykososialt kriseteam
Kvalifikasjonskrav
- Vi ser etter deg som er utdanna Helsesjukepleiar eller som er under denne utdanninga.
- Det er ynskjeleg med relevant arbeidserfaring
- Erfaring fra tverrfagleg samarbeid er en fordel
- Personleg eigenskapar vil bli vektlagt
Det er særleg viktig at du har
- Eit grunnleggande helsefremmande og førebyggande perspektiv
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Evne til samhandling og relasjonsbygging
- Evne til lytte og forstå andre sine utfordringar og ståstad
- Evne til å arbeida sjølvstendig, strukturert, kunnskapsbasert og effektivt
- Trivsel med teamarbeid og ser verdi i tverrfagleg samarbeid
- Motivasjon, fleksibilitet og omstillingsvilje knytt til arbeidsoppgåver
- Auga for utvikling og nye måtar å løyse oppgåver på.
Vi tilbyr
- 100% stilling, med utvida ansvar knytt til fagutvikling
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientering står i fokus
- Rettleiing
- Løn etter tariff
- Gode pensjonsordningar i KLP
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vaksdal kommune orgnr: 989882201 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
|
Webside | https://www.vaksdal.kommune.no/ |
Bransje | IT |
Yrke | Utvikling |
Sted | DALEKVAM (Adresse: Konsul Jebsensgate 16 Postnr: 5722) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 27-04-2025 |