Helsesjukepleiar 100 % fast – Helse og førebygging, Vinje kommune
Helse og sosial Nurse(6 days ago)
Job Description
Published 06-04-2025
Deadline: 23-04-2025
Helsesjukepleiar 100 % fast
Me styrker laget rundt barn, unge og deira familar og ser etter ein ny helsesjukepleiar!
Hos oss blir du ein del av eit helsesjukepleiarkollegie med mykje kompetanse og lang erfaring. Saman med fem andre helsesjukepleiarar vil du ha ein arbeidskvardag med eit sterkt fagleg fokus og tett samarbeid med kollegaer i fysio/ergoterapitenesta, psykisk helse og rus, legetenesta og jordmor. Vinje er vertskommune for det interkommunale jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark, som dekker oppfylging i svangerskapet, fylgjeteneste ved fødsel og oppfylging i barseltida. Me har eige barneteam i kommunen og eit godt samarbeid med skular, barnehagar og andre instansar som barnevern og spesialisthelsetenesta. Me har kompetanse i kognitiv terapi, rus/ungdomshelse, integreringshelse, sexologi, og ulike foreldrerettleiingsprogram som TIBIR, ICDP, ART og COS-P.
Helsestasjon, skulehelsetenesta og HFU (helsestasjon for ungdom) er organisert under verksemda helse og førebygging med eigen fagleiar. Tverrfagleg samarbeid er viktig for oss, og me er stolte av å ha høg kompetanse i alle ledd av dei kommunale tenestene våre.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid på helsestasjon- og i skulehelsetenesta i tråd med gjeldande lovar, forskrifter og nasjonale retningsliner knytt til helsefremmande og førebyggande arbeid med barn, unge og deira familiar
- Undervisning og veiledning individuelt og i grupper
- Oppfylging og støtte til barn og unge som opplever ulike utfordringar gjennom barne- og ungdomstida
- Samarbeid med ulike instansar på individ- og systemnivå
- Bidra til utvikling i tenesta
Kvalifikasjonar
- Krav om offentleg godkjenning som helsesjukepleiar
- Det er ein fordel med master i helsesjukepleie eller anna releavant vidareutdanning
- Erfaring frå arbeid ved helsestasjon/skulehelsetenesta er ein fordel
- God digital kompetanse
- Førarkort kl B (må berekne å bruke eigen bil)
- Gode norskkunnskaper, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er engasjert, kreativ og klar for nye utfordringar
- Du har evne til å skape gode møte og bygge trygge relasjonar
- Du har evne og interesse for tverrfagleg samarbeid
- Du er fleksibel
- Du har evne til å sjå heilhet og samanheng i arbeidsoppgåver
- Du kan arbeide sjølvstendig og målretta innafor gitte rammer
- Du er omstillings- og endringsvillig
- Du har stort engasjement for barn og unge sin oppvekst
Me tilbyr
- Særs gode kollegaer
- Eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, fagleg trygge og dyktige arbeidskollegaer. Ta gjerne kontakt med ein av oss om du har spørsmål om stillinga: Vinje kommune
- Gode barnehagar og skular, som har tilbod om gratis skulemat
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og høve til å vinne flotte premiar
Personlege eigenskapar blir vektlagt ved tilsetting.
Politiattest må bli lagt fram før oppstart.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Birgitte Yndesdal, Fagleiar, 46916552, birgitte.yndesdal@vinje.kommune.no
Lill Iren Djuve, Verksemdsleiar helse og førebygging, +47 90283278, lill.iren.djuve@vinje.kommune.no
Arbeidsstad
Vinjevegen 192
3890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 4942645027
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Helse og førebygging, Vinje kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
I verksemda helse og førebygging ligg legekontor, legevaktsamarbeidet, helsestasjon/skulehelsetenesta/HFU (helsestasjon for ungdom), kommunepsykolog, fysio- og ergoterapitenesta og det interkommunale jordmorsamarbeidet. Tverrfagleg samarbeid er viktig for oss, og me er stolte av å ha høg kompetanse i alle ledd i dei kommunale tenestene. |
Webside | vinje.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | VINJE (Adresse: Vinjevegen 192 Postnr: 3890) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 23-04-2025 |