Helsesjukepleiar, 100% fast  – Gulen kommune

Education Primary School

(2 weeks ago)

  • EIVINDVIK
  •  Post Date: 6. November 2024
  •  Expire date: 24. November 2024
Job Description

Published 06-11-2024
Deadline: 24-11-2024

 

Helsesjukepleiar, 100% fast 

Om stillinga 

Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som helsesjukepleiar frå snarast/etter avtale. Er du sjukepleiar og ynskjer å ta vidareutdanning i helsesjukepleie er du også velkomen til å søkje. 

Helsestasjonen/skulehelsetenesta i Gulen kommune har i dag tre helsesjukepleiarar i fulle stillingar, kor den eine vert ledig frå desember av.  

Helsestasjonen har sin base ved Gulen helsesenter i Eivindvik, kor dei er samlokaliserte med legetenesta. Skulehelsetenesta vil primært ha sin base på dei fire grunnskulane i kommunen.

Me tilbyr

  • Ein historisk og framtidsretta kommune med fin natur og kjekke folk! 
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Triveleg arbeidsmiljø 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff 
  • Ledig barnehageplass i kommunen 
  • Hjelp til å orientere seg i bustadmarknaden

Arbeidsoppgåver 

  • Arbeid i helsestasjon og skulehelsetenesta i tråd med nasjonalfaglege retningslinjer, lovverk og anbefalt program
  • Helsestasjon for ungdom 
  • Drive opplysingsarbeid og undervising
  • Rådgjeving og rettleiing 
  • Vaksinasjon
  • Miljøretta helsevern/smittevern 
  • Tverrfagleg samarbeid med andre tenester
  • Helseundersøkingar/-kartlegging med oppfølgingsarbeid
  • Arbeid tilknytt flyktningar/familieoppfølging
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Arbeidsoppgåver kan verte fordelt i tenesta etter kompetanse, erfaring og behov. 

Noko ettermiddag- og kveldarbeid må reknast med.

Kvalifikasjonskrav 

  • Offentleg godkjent sjukepleiar med vidareutdanning i helsesjukepleie eller er i eit utdanningsløp 
  • Sjukepleiarar utan vidareutdanning kan også vurderast, med vilkår om at vidareutdanning vert gjenomført (bindingstid 2 år etter godkjent vidareutdanning) 
  • Det er ynskjeleg med erfaring innan helsestasjon og skulehelsetenesta 
  • Gode norskkunnskapar – både munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest 
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar 

  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med barn, foreldre og kollegaer 
  • Strukturert, sjølvstendig, samarbeider godt og er initiativrik 
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø 
  • Bidra til ein stabil kvardag for brukarane av tenesta
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Gulen kommune orgnr: 914309506
Kort om arbeidsgiver

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

Webside https://www.gulen.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted EIVINDVIK (Adresse: Eivindvikvegen 1102 Postnr: 5966)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/38bff1eb-781b-4762-a9cc-6f17e89c6081
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/268558