Helsesekretær – Sogndal kommune Sogndal legesenter

Health and social care Medical Secretary

(4 days ago)

  • SOGNDAL
  •  Post Date: 2. January 2025
  •  Expire date: 19. January 2025
Job Description

Published 02-01-2025
Deadline: 19-01-2025

 

Helsesekretær

Ledig 75% stilling for helsesekretær ved Sogndal legesenter frå 1. april 2025

Sogndal legesenter har 13 legar og 7,5 årsverk hjelpepersonell (bioingeniørar, helsesekretærar og sjukepleiarar). Kontoret har eige laboratorium og er samlokalisert med mellom anna jordmorteneste, sjukeheim, heimesjukepleie, fysioterapi, psykiatriteneste og helsestasjon.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Allsidige oppgåver for helsesekretær. Aktuelle oppgåver er telefontriagering, resepsjonsarbeid og administrative oppgåver samt mellom anna enkle pasientkontrollar og laboratoriearbeid.

 

Krav til kompetanse:

  • Helsesekretær

 

Krav til søkjar:

  • Gode evner til både sjølvstendig arbeid og lagarbeid.
  • Godt humør og evne til å møte pasientar og kollegaer på ein god måte.
  • Fleksibilitet, evne til å handtere fleire problemstillingar på ein gong, tåle avbrytingar og samstudes klare å jobbe systematisk og ryddig.
  • Flytande norskkunnskapar skriftleg og munnleg.
  • Personlege eigenskapar blir tungt vektlagde.

 

Spesielle vilkår for stillinga:

Den som vert tilsett må leggje fram:

  • Tuberkulose/MRSA-skjema, eventuelt tuberkulinattest av ny dato.
  • Politiattest av ny dato.

 

Me tilbyr

  • Ein kompetansearbeidsplass med høg fagleg og etisk standard, godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver.
  • Løn etter tariff. 
  • Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar, i tillegg til gode helse- og trivselsfremjande tiltak for sine tilsette.
  • Variert arbeid i positive miljø.
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson.
  • Tilsetjing etter kommunalt avtaleverk.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.

Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg

søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogndal kommune Sogndal legesenter orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsesekretær
Sted SOGNDAL (Adresse: Postnr: 6856)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/31063ce8-77f0-4491-bb39-6d8f9b5cc411
IMPORTAPI