Helsesekretær/sekretær – Øye avdeling, Haugesund sjukehus
Health and social care Medical Secretary(1 day ago)
Job Description
Published 23-10-2024
Deadline: 10-11-2024
Helsesekretær/sekretær
Vi søkjer etter dyktig helsesekretær/sekretær til vårt team.
Vi har 5 overlegar, 2 LIS-legar, 7 sjukepleiarar, ein optikar, ein ortoptist og 4 sekretærar. Vi legg vekt på eit høgt faglig nivå og har eit godt samarbeid med førstelinjetenesta og private aktørar.
Øyeavdelinga har omtrent 13000 polikliniske konsultasjonar og operasjonar.
Arbeidsoppgåver
- Operasjonsbestilling og planlegging
- Varierte arbeidsoppgåver med pasientkontakt og tjeneste i poliklinikk
- Betjene ekspedisjon/telefon
- Arbeidsoppgåver knytt til kontroll av rapportar
- Andre førefallande sekretæroppgåver
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med erfaring fra øyepoliklinikk
- Erfaring frå DIPS Arena, Elements, Orbit og Libra er ønskjeleg
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Gode allmenne datakunnskapar og god erfaring i bruk av IT-verktøy
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- samarbeider godt i team
- kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
- er strukturert og har fagleg vurderingsevne
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga blir vektlagd
Vi tilbyr
- Dagstilling
- Eit godt arbeidsmiljø og kjekke kollegaer
- Fagleg og personleg utvikling
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
For å kunna vurdera førerett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevneog fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Elvisa Selimovic, Funksjonsleiar, 47710837, elvisa.selimovic@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4876316991
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Øye avdeling, Haugesund sjukehus orgnr: 974724774 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
|
Webside | |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsesekretær |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 10-11-2024 |