Job Description

Published 06-01-2025
Deadline: 20-01-2025

 

Helsesekretær/sekretær

Avdeling for Medisinsk sekretærteneste søkjer etter tilkallingsvikar/sjukevikar som helsesekretær/sekretær ved Førde sentralsjukehus.

Avdelinga har 7 tilsette som utfører sekretæroppgåver for radiologisk avdeling. 

Sekretærane som jobbar for radiologisk avdeling jobbar i eit team, sit samla i eit felles kontorlandskap og jobbar tett saman med dei andre faggruppene på radiologisk avdeling.

 Vi har nå behov for ein tilkalling/sjukevikar for ein kortare eller lengre periode. Stillingsstorleik og tilsettingstidspunkt kan avklarast etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Skrankefunksjon, telefon og elektroniske henvendingar
  • Kalle inn pasientar til timeavtale
  • Tett samarbeid med anna helsepersonell på avdelinga
  • Anna forefallande kontor/pasientadminstrative oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Helsesekretærutdanning er ein fordel, men erfaring som sekretær/erfaring frå helsesektoren kan kompensere for formell utdanning
  • Erfaring frå pasientadministrative dataprogram som Sectra og Dips Arena, samt kjennskap til medisinsk terminologi er ein fordel
  • Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt
  • Må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Vere med å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande og utfordrande jobb

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Hanne Irene Emberland Bildøy, Seksjonsleiar, (+47) 578 31 325

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4901526688
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 20.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling for Medisinsk sekretærteneste, Helse Førde orgnr: 974744570
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsesekretær
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0a986738-8534-4d1b-9bad-d22914d33ea3
IMPORTAPI