Helsesekretær med autorisasjon – Kvinneklinikken, Helse Bergen

Health and social care Medical Secretary

(22 hours ago)

  • BERGEN
  •  Post Date: 20. November 2024
  •  Expire date: 4. December 2024
Job Description

Published 20-11-2024
Deadline: 04-12-2024

 

Helsesekretær med autorisasjon

Helsesekretær søkast til spennande stilling ved Kvinneklinikken – Svangerskap og barselpoliklinikk og KK administrasjon. Vi søker ein helsesekretær for spennande oppgåver og tverrfagleg samarbeid. Vi har ledig 80-100% fast stilling med arbeid på dagtid og ca. kvar 5. helg.

Kvinneklinikken tar årleg imot over 4400 fødande. I tillegg til å vere lokalsjukehus for Bergen og omland, tar vi imot fødande med komplikasjonar i svangerskapet frå heile Vestlandet. Vi har også eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling av kvinnesjukdommar generelt. Vi er rundt 450 medarbeidarar ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus.   

I Svangerskap og barselpoliklinikk behandlar vi gravide med komplikasjonar som oppstår i svangerskapet, gravide med komplikasjonar frå tidlegare svangerskap/fødslar og barseloppfølging av mor og barn etter heimreise. Dette utgjer ca. 21000 konsultasjonar årleg. Konsultasjonane går føre seg heile veka, inkludert helg, men i hovudsak på dagtid.  KK administrasjon skal ivareta merkantile funksjoner for heile Kvinneklinikken. Stillinga er ein kombinasjonsstilling der ein arbeidar i drift og på kontor. 

Oppstart januar 2025 eller etter avtale.

Er dette noko for deg? 

Arbeidsoppgåver

  • Oppgåvene er delt mellom merkantile oppgåver/støttefunksjonar (betene telefon, endre timar, bestilling osv.) og praktiske oppgåver, som å assistere behandlar, samt utføre pasientnære oppgåver i poliklinikken
  • Oppgåvene blir og utført laurdag og søndag i ei rullering, ca. kvar 5. helg. Arbeidstid vil vere dagtid, også helg og helligdag
  • Stillinga er organisert under KK administrasjon og Svangerskap og barselpoliklinikk 
  • Administrasjonssjef er leiar for den merkantile del av stillinga (68%) og seksjonsjordmor er leiar for delen som omhandlar dei praktiske oppgåvene i poliklinikken (32%)

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsesekretær
  • Erfaring frå sjukehus/helsevesen er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du må vere ein god teamarbeidar
  • Du må vere nøyaktig i ditt arbeid
  • Du må vere fleksibel
  • Ha godt humør og trivast i ein travel kvardag

Vi tilbyr

  • Kvinneklinikken er ein spennande arbeidsplass med mykje god kompetanse. Endring og utvikling skjer heile tida
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Anita Mellingen, Administrasjonssjef, 40082658
Lene Alfstad Haugen, Seksjonsjordmor, 98476786, lene.kristine.alfstad.haugen@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 15
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4887409817
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kvinneklinikken, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsesekretær
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsbakken 15 Postnr: 5009)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 04-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d2f147eb-2667-40d0-aef3-b6787e830c4d
IMPORTAPI