Helsesekretær legekontor – Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune
Health and social care Medical Secretary(3 days ago)
Job Description
Published 28-11-2024
Deadline: 15-12-2024
Helsesekretær legekontor
Haram kommune søker etter ein helsesekretær i vikariat 60% stilling ved Vatne legekontor, i lag med hjelpsamme og trivelege kollegaer. Vi ser etter ein som har stor arbeidskapasitet, interesse for arbeid på legekontor og kan jobbe sjølvstendig. Journalsystemet vi bruker er CGM. Vikariatet varer ut oktober 2025.
Tenesteområdet er ein del av kommunalområde Livsløp, der fleire tenester er samla. Alle tenestene er viktige bidragsytarar til å støtte opp om livsløpet til kommunen sine innbyggarar.
Livsløp består av tenestane koordinering og tildeling , psykisk helse og rus, helsestasjonstenesta, pedagogisk fagsenter, ressursbase, integrering, barnevern, NAV og ergoterapi, fysioterapi og lege.
I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi legg vekt på å jobbe på tvers av tenestane, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Lab-arbeid
- Skiftestuearbeid som feks sårbehandling mm
- Resepsjons- / telefonoppgaver
- Anna forefallande arbeid ved kontoret
- Betjene pasienthenvendelsar i resepsjonen
- Diverse administrative prosedyrer som f.eks varebestilling med meir
Kvalifikasjonar
- Helsesekretær
- Evt anna relevant helsefagleg utdanning
- Ynskjeleg med erfaring frå legekontor
- God norskkunnskap
- Noko engelskkunnskap
Personlege eigenskapar
- Du er brukarorientert
- Du er nyskapande, løysingsorientert og framtidsretta
- Du er trygg og sjølvstendig i eiga fagutøving
- Du er påliteleg
- Du har stor arbeidskapasitet
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Du bidreg aktivt til å skape og ivareta eit godt arbeidsmiljø og har god datateknisk forståelse
- Personleg eignaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø
- Godt samhald og atmosfære med trivelege kollegaer
- Spennande og varierte arbeidsoppgaver
- Lønn etter tariffavtale
Kontaktinformasjon
Frode Bøe Hatlelid, Kommunalsjef, 92243788, frode.boe.hatlelid@haram.kommune..no
Arbeidsstad
Trolldalssletta 2
6265 Vatne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4888596895
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Sluttdato: 31.10.2025
Søknadsfrist: 15.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune orgnr: 974858568 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes. |
Webside | http://www.haram.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsesekretær |
Sted | VATNE (Adresse: Trolldalssletta 2 Postnr: 6265) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 15-12-2024 |