Helsesekretær -60% – Knarvik allmennpraksis – Alver kommune
Health and social care Medical Secretary(1 week ago)
Job Description
Published 02-12-2024
Deadline: 17-12-2024
Helsesekretær -60% – Knarvik allmennpraksis
Om stillinga og Knarvik allmennpraksis
Knarvik allmennpraksis har behov for vikar for helsesekretær
Vi søkjer no etter ein engasjert helsesekretær i eit 60% vikariat frå 01.02.25 til 01.02.27.
Helsesekretær som går ut i permisjon har driftskoordinator funksjon lagt til sin stilling. Vi søkjer deg som har interesse for og kan ta ansvar for arbeidsfordeling og organisering på kontoret. Dette arbeidet er inkludert i stillingsprosenten.
Knarvik allmennpraksis har fire næringsdrivande fastlegar. Legekontoret tek i mot akutte pasientar og vanlege listepasientar. Det er to årsverk som helsesekretær på kontoret fordelt på tre tilsette, og det er god trivsel og stabile tilsette. Det er eit veldreve kontor, der god samhandling mellom legar og helsepersonell er viktig i ein travel arbeidsdag. Knarvik allmennpraksis ligg lokalisert sentralt i Knarvik.
Arbeidet er organisert med heile arbeidsdagar.
Arbeidsoppgåver
- Skiftestovearbeid
- Telefon og resepsjon
- Laboratoriearbeid
- Kvalitetsarbeid
- Økonomirutiner og driftsoppgåver etter avtale med legane – som driftskoordinator
- Vi ønskjer også at du kan ta initiativ til, og bidra i forbetrings og utviklingsarbeid
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert helsesekretær
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Grunnleggjande god digital kompetanse
- Relevant arbeidserfaring som helsesekretær på legekontor
-
Erfaring med Infodoc
I tillegg ønskjer vi gjerne at du har erfaring frå arbeid som driftskoordinator.
Kven er du?
Vi søkjer etter ein helsesekretær som utfører arbeidsoppgåver i tråd med kunnskapsbasert praksis på legekontor, og har gode samarbeidsevner som kjem til nytte i ein travel kvardag. Du tar initiativ til og bidrar aktivt i forbetrings- og utviklingsarbeid, og har evna til å organisere effektivt. Du trivst med å arbeide systematisk og målretta, både sjølvstendig og i samarbeid med legane. Som person er du fleksibel og endringsvillig, og møter utfordringar med godt humør og ei løysingsorientert haldning. Som ein positiv bidragsytar er du med på å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet ved kontoret.
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Løn ihht hovedtariffavtale
- God pensjonsordning
- Trivelige kollegaer og godt arbeidsmiljø
Politiattest
I tråd med gjeldande regelverk vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Alver kommune orgnr: 988240818 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Alver kommune – Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen. Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss. |
Webside | https://www.alver.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsesekretær |
Sted | ISDALSTØ (Adresse: Kvassnesvegen 48 Postnr: 5914) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 17-12-2024 |