Helsefagarbeider – Vanylven helse og omsorgsenter, Vanylven kommune
Health and social care LPN (nurse)(2 weeks ago)
Job Description
Published 05-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Helsefagarbeider
Vanylven Helse og Omsorgssenter, avdeling 2 har ledig stilling i inntil 200% fast som helsefagarbeider på avdeling 2.
Ynskjer du ein spennande og meiningsfull jobb med høve til fagutvikling i eit utviklingsorientert miljø, er dette jobben for deg!
Avdeling 2 har totalt 25 plassar fordelt på tre grupper. Langtidsplasser, korttidsplasser skjerma enhet.
Som helsefagarbeider på avdeling 2 jobbar du med bebuarar med komplekse og samansatte diagnoser. Jobben inneber tett samarbeid både tverrfagleg og tverrprofesjonelt, med brukarar og pårørande. Som helsefagarbeider hos oss har du høve til å vere med å utvikle din eigen arbeidsplass og bidra til koordinering av tenestene vi yter.
Vanylven helse- og omsorgssenter har god fagleg kompetanse og har fokus på både individuell og kollektiv utvikling. Vi har tett samarbeid med sjukeheimslege med legevisitt to gonger i veka, har eige laboratorium for prøvetaking.
Er du innovativ, jobbar for kontinuerlig forbetring, og kan bidra med nye idear og perspektiv i utvikling av tenesta? Då ynskjer vi akkurat deg med på laget!
Arbeidet inneber per tiden to delt turnus med vakter på dag og kveld. Med arbeid kvar tredje helg. Desember 2024 starta vi opp med årsturnus, noko som vil skape forutsigbarhet for deg som arbeidstakar. Turnus kan tilrettelaggjast etter behov så langt det let seg gjere. Stillingsprosent er inntil 100%, men kan tilpassast etter ynskje.
Avdeling 2, er lokalisert ved Vanylven helse-og omsorgssenter på Fiskå, som sto ferdig i 2014 og framstår som nytt og funksjonelt.
Høyrest dette spennande ut? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon om stillinga.
Arbeidsoppgåver
Helsefaglege oppgåver
Dagleg stell og pleie etter bebuarane sine behov og tiltaksplaner
Observere, vurdere og kartlegge behov hos bebuarane
Sørge for god dokumentasjon. Vi bruker Helseplattforma.
Medikamenthandtering
Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell som fysioterapeut, ergoterapeut, lege og andre einingar
Sikre gode pasientforløp
Ta i bruk velferdstekologiske løysingar
Kvalifikasjonar
Fagbrev som helsefagarbeider/aut.Hjelpepleier
Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
Godkjent politiattest
God kunnskap og dokumentasjon og bruk av IKT verktøy
Gode språkkunnskaper i norsk både munnleg og skriftleg
Effektiv fleksibel og løysingsorientert
Engasjert og ynskjer å bidra til å utvikle avdelinga
Positiv bidragsytar til eit godt arbeid
Personlege eigenskapar
Du arbeider for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø
Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
Du tek initiativ, er positiv, tilpasningsdyktig og tek ansvar
Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
Personleg egnaheit blir vektlagt
Vi tilbyr
Faglege utfordringar
Spennande og variable kvardagar
Moglegheit for eigenutvikling
Positivt og godt etablert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Godt samarbeid både internt i avdelinga og tverrfagleg
Løn etter gjeldande tariff, gode pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Katrin Brekke Sunde, avdelingsleiar avd. 2, 47638029
Arbeidsstad
Reitebakkvegen 23
6143 Fiskåbygd
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommune
Referansenr.: 4893480657
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO