Helsefagarbeider – helgestilling fast – Instituasjonstenester, Vinje kommune

Health and social care LPN (nurse)

(18 hours ago)

  • VINJE
  •  Post Date: 16. October 2024
  •  Expire date: 3. November 2024
Job Description

Published 16-10-2024
Deadline: 03-11-2024

 

Helsefagarbeider – helgestilling fast

Har du lyst på ei deltidsstilling med meining?

Vinje sjukeheim har ledig fleire faste helgestillingar, med arbeid kvar 2. eller 3. helg. Stillingsstorleik er frå 14 % til ca 30 %. 

Sjukeheimen har tre langtidsavdelingar og ei kortidsavdeling med til saman 34 plassar. Langtidsavdelinga med sine 25 plassar er delt inn i tre grupper, deriblant ei skjerma avdeling for personar med demens. Kortidsavdelinga består av 9 plassar, der 2 av plassane er akuttplassar for Tokke og Vinje kommune.

Ved Vinje sjukeheim skal me sørge for at innbyggjarar i Vinje med behov for heildøgnspleie, meistring og omsorg mottar eit best mogleg tilbod, og der me jobbar kontinuerleg med å auke kvaliteten i tenesta. 

Frå januar 2025 skal sjukeheimen bruke årsturnus. Det vil sei at du kan medverke til korleis turnusen skal sjå ut, og det vil vera mogleg å få større stillingsprosent i delar av året, som f.eks sommar og høgtider.

 

Arbeidsoppgåver

  • Omsorg og pleie til sjukeheimsbebuerane
  • Miljøtiltak overfor bebuerane

Kvalifikasjonar

  • Du har fagbrev som helsefagarbeidar
  • Du er elev/student innan helsefag og ynskjer helgestilling 
  • Du er ufaglært, men har erfaring/interesse for arbeid på sjukeheim
  • Du har gode munnlege- og skriftlege norskkunnskapar, tilsvarande nivå B2

Personlege eigenskapar

  • Du er påliteleg, arbeidsom og sjølvstendig
  • Du er fleksibel og kan samhandle godt med bebuarar, pårørande og kollegaer
  • Du har gode samarbeidsevner og er ein positiv lagspelar som bidreg til eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Du tar initiativ og ynskjer å lære
  • Du har interesse for eldreomsorg
  • Du snakker og forstår norsk godt
  • Du er stabil 

Personleg eignahet vil bli vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Hanne Kristin Finkenhagen, Avdelingsleiar, +47 99 25 16 24, hanne.kristin.finkenhagen@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Vinjevegen 212
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 4873224710
Stillingsprosent: 30%
Fast
Startdato: 15.11.2024
Søknadsfrist: 03.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Instituasjonstenester, Vinje kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse og meistring skal levere kvalitativt gode og føreseielege helse – og omsorgstenester til befolkninga gjennom heile livsløpet. Ansvarsområde strekkjer seg frå førebyggjande tiltak, beredskap, behandling, til god pleie og omsorg i brukar sin heim og på sjukeheimen.

Institusjonstenester omfattar sjukeheimen med både korttids- og langtidsavdeling, dialyse og kjøkendrift.

 
Webside www.vinje.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted VINJE (Adresse: Vinjevegen 212 Postnr: 3890)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 15-11-2024
Søknadsfrist 03-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e5e5a5c4-ec54-45d2-a9ee-a9e5d9f5ca0d
IMPORTAPI