Helsefagarbeider 80% fast – Hjemmetjenester Midt-Telemark

Health and social care LPN (nurse)

(7 hours ago)

  • BØ I TELEMARK
  •  Post Date: 7. October 2024
  •  Expire date: 21. October 2024
Job Description

Published 07-10-2024
Deadline: 21-10-2024

 

Helsefagarbeider 80% fast

Til deg som vil vera med på å bidra til at alle kan bu trygt heime!

I heimetenesta arbeider ein ute på bygda i private bustadar og inne i omsorgsbustader.
Heimetenesta i Midt-Telemark er ei avdeling inndelt i 3 soner, Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har me team som skal jobbe målretta med «kva er viktig for deg» som pasient i ulike fagfelt som demens, sår, respirasjon, kreft, innsatsteam og sjukepleiar-prosedyrar. Innsatsteamet hjelper pasientar som i periodar treng meir oppfølging for å klare seg mest mogleg sjølve.
Me samarbeider på tvers av sonane og fleire ansatte arbeidar i fleire soner.
I tillegg til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, kan me skryte på kånn god takhøgde for forskjellige meiningar og mykje innslag av humor.
Me kastar oss ut i alle prosjekt som kan bidra til at me blir den beste heimetenesta, både for ansatte og pasientar. Avdelinga har årsturnus der man i stor grad er med å påverkar si eiga turnus. Me har langvakter på helg for dei som ynskjer det.

Arbeidsoppgåver

  • Helsetenester og oppfylging av pasientar
  • Samarbeid med pårørande
  • Samarbeid med andre aktørar som lege, ergoterapeut, fysioterapeut og tenestekontor
  • Dokumentasjon

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Førerkort klasse B

Ønska kompetanse

  •  Erfaring frå helseteneste
  • God kjennskap til bruk av data som verktøy

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Har evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er strukturerte og løysningsorientera
  • Du må ha godt humør og inneha ein positiv innstilling samt tolmod til å kunne tole psykiske og fysiske krevjande utfordringar
  • Evne til å ivareta og bidra til eit god arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Josefsen, Avdelingsleiar, +47 99358302

Arbeidsstad

Gamleveg 46
3802 Bø i Telemark

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 4869487235
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 16.12.2024
Søknadsfrist: 21.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hjemmetjenester Midt-Telemark orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Webside https://midt-telemark.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted BØ I TELEMARK (Adresse: Gamleveg 46 Postnr: 3802)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 16-12-2024
Søknadsfrist 21-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d3eedc1b-2ec2-40da-82cb-35e69ddd08a9
IMPORTAPI