Job Description

Published 27-11-2024
Deadline: 15-12-2024

 

Helsefagarbeidarar på institusjon og i heimetenesta.

Me ynskjer oss fleire helsefagarbeidarar.

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som helsefagarbeidar/hjelpepleiar

  • Beherske norsk både munnleg og skriftleg

  • Førarkort klasse B (for arbeid i heimetenesta, Åheim bufellesskap)

  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar:

  • Samarbeids- og kommunikasjonsevner som skapar trygge og gode relasjonar med brukarar, pårørande og kollegaer

  • Omsorgsfull

  • Fleksibel, strukturert og nøyaktig

  • Vere ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet

  • Oppteken av å sjå og finne løysingar, hovudsakleg med utgangspunkt i brukaren sitt behov

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Kopi av attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest ikkje eldre enn 3 månader.

Kontaktperson:

Avdelingsleiar for institusjon Ragna Iren Grave — 35 07 55 82 / ragna.iren.grave@tokke.kommune.no

Avdelingsleiar for heimetenesta Silje Andrea Kyrkjebø — 47 39 99 88 / silje.andrea.kyrkjebo@tokke.kommune.no

Arbeidsoppgaver

• Utøve grunnleggande pleie og omsorg tilpassa den enkelte sitt behov

• Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere pasientars heilskaplege tilstand

• Medikamentutdeling

• Delta i matservering og legge til rette for gode måltid

• Vere primærkontakt

• Dokumentasjon i Profil

• Samarbeid med pårørande, kollegaer, sjukeheim, fastlege osv.

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.

Vi tilbyr

Her er Tokke helsesenter, med sjukeheim, omsorgssenter, heimeteneste, dagavdeling, kjøkken, helsestasjon, legekontor, psykisk helse, samt fysio- og ergoterapeut lokalisert under same tak. Tokke kommune satsar på god kompetanse innafor palliasjon og lindrande behandling, og deltar i fleire prosjekt i tilknyting til dette. Lokal blod-kreft avdeling er også lokalisert på Tokke helsesenter. Me har eige simuleringsrom, som brukas til fagutvikling, internundervisning, kurs og øving på prosedyrar.

For å møte framtidas behov for pleie og omsorg med nok helsepersonell må me tenke nytt. Gjennom 2024 endrar me organisering av kommunens helse- og omsorgsteneste. Sjukepleiarane på institusjon og heimetenesta blir tekne ut av avdeling og samla i eit felles sjukepleiarteam, 6 helsefagarbeidarar har blitt gruppeleiarar på kvar sin avdeling og me har tilsett to avdelingsmedarbeidarar.

Me vil bruke kvar enkelt tilsett sin kompetanse der den trengs mest, og har derfor laga ein tydeleg oppgåvefordeling mellom sjukepleiar, helsefagarbeidar og avdelingsmedarbeidar.

Ny organisering trer i kraft ved oppstart av ny årsturnus i november 2024. Som fylgje av omorganiseringa, har me behov for fleire helsefagarbeidarar på institusjon og i heimetenesta. Sjukeheimen har tre avdelingar og 28 plassar. Helsefagarbeidarane arbeider på tvers av avdelingane. I heimetenesta arbeider helsefagarbeidarane både ute i heimesjukepleia og på omsorgssenteret.

Tilsette på institusjon og heimetenesta lagar sin eigen årsturnus, så du vil i stor grad få vere med å bestemme eigen arbeidskvardag tilpassa livssituasjon og ynskjer. Hjå oss kan du arbeide langvakter 4. kvar helg, ordinære vakter 3. kvar helg eller hyppigare helg mot kompensasjon. Helsefagarbeidarar på institusjon får eit årleg funksjonstillegg på 20.000,-

Me kan tilby:

· Årsturnus

· Konkurransedyktig løn med lokal lønsstige

· Støtte til relevant vidareutdanning

· Godt arbeidsmiljø med varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver

· Gratis SFO og rimelege barnehagar med ledige plassar og løpande opptak

· Makspris på straum

· Hjelp til å skaffe bustad

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tokke Kommune Sentraladministrasjon orgnr: 974610124
Kort om arbeidsgiver

Kraft- og kulturkommunen Tokke ligg i Vest — Telemark, og har eit mangfald av kultur- og naturopplevingar, gode buplassar både i sentrum og i landlege grender, eit stort idretts- og organisasjonsliv, i tillegg til eit spennande næringsliv. Tokke kommune blei for andre år på rad kåra til beste kommune for barn og unge i Unicefs kommuneanalyse i 2022. Du kan lese meir om korleis det er å bu i Tokke her (link til <>)

I enden av Telemarkskanalen finn du kommunesenteret Dalen, som byr på perler som Soria Moria, Dalen Hotel, Rui og ei triveleg handlegate i sentrum med spanande butikkar og kafé

Webside https://www.tokke.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted DALEN (Adresse: Revahaugvegen 4 Postnr: 3880)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 15-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e9a0728e-324a-4120-b1a2-e3cdd80217c8
Stillingsregistrering