Job Description
Published 24-03-2025
Deadline: 09-04-2025
Helsefagarbeidar – vikariat
Vi har ledig :
- 100 % stilling som helsefagarbeidar frå d.d til 31.12.25 med moglegheit for forlenging
- 80% stilling som helsefagarbeidar for tidsrommet 01.04.25 – 10.10.25
Det må gå klart fram av søknaden kva vikariat ein søkjer på, evt om søknaden gjeld begge.
Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus.
Sunnylven distrikt består av 23 omsorgsbustadar og i tillegg blir det gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til eit varierande antal heimebuande.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
- Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad
- Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar
Kvalifikasjonar
- Utdanning som helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Førarkort kl B
Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Kontaktinformasjon
Elisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183
Arbeidsstad
Hellesyltvegen 17
6218 Hellesylt
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 4944278400
Stillingsprosent: 100, 80%
Vikar
Søknadsfrist: 09.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Sunnylven distrikt, Stranda kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda. |
Webside | https://www.stranda.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsefagarbeider |
Sted | HELLESYLT (Adresse: Hellesyltvegen 17 Postnr: 6218) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 09-04-2025 |