Helsefagarbeidar – Vaksdal kommune

Health and social care Health

(12 måneder ago)

  • DALEKVAM
  •  Post Date: 7. December 2023
  •  Expire date: 29. November 2024
Job Description

Published 07-12-2023
Deadline: Unknown

 

Helsefagarbeidar

Om stillinga

Ved bueining for funskjonshemma, i Elvavegen på Dale, ynskjer vi oss fleire dyktige kollegaer. Vi søkjer tilsette som er fagleg trygg og arbeidar godt sjølvstendig. Arbeidet vil tidvis kunne vere krevjande. Hos oss er me opne for kreativitet og engasjement for å saman finna dei gode løysingane i arbeidskvardagen. Vi treng å styrkja arbeidsstaben vår og har fleire ledige stillingar: 

  • Vikariat som helsefagarbeidar i 90% stilling, frå snarast og ut september 2024. Dette vikariatet er egna for studentar, då stillinga inneber seinvakter, langvakthelg og nattevakt helg. 
  • Fast stilling som helsefagarbeidar i 15%,  med arbeid kvar fjerde helg. Denne helga er knytt til avlastning for born og unge.
  • To faste stillingar som helsefagarbeidar i 21%, med arbeid kvar fjerde helg. 
  • To vikariat som helsefagarbeidar/assistent i 17%, frå no av og ut november 2024. Denne stillinga er knytt til avlastning for born og unge. Kortvakter kvar fjerde helg. 

Når du søkjer må du skrive kva stilling du søkjer på.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre at tenestemottakar får kvalitativt gode tenester i tråd med gjeldande lovverk, vedtak og retningslinjer 
  • Gje god omsorg og hjelp til daglege gjeremål i heimen
  • Medisinhandsaming  utfrå kompetansenivå
  • Kontakt og samarbeid med pårørande  
  • Dokumentere i fagprogram
  • Andre delegerte oppgåver frå leiar 

Krav til kompetanse

  • Helsefagarbeidar, eller anna relevant fagbrev
  • Søkjarar utan formell kompetanse kan òg verte vurdert. Skriv gjerne i søknad om du samlar timar og har ambisjon om å ta fagbrev 
  • Relevant erfaring frå liknande arbeid vil vere ein fordel
  • Krav om godkjend politiattest  
  • Førarkort 

Vi oppmodar fast tilsette som ynskjer stillingsauke om å søkje. 

Personlege eigenskapar

  • Du er ein person som evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode
  • Du likar å arbeide sjølvstendig og å tek ansvar  
  • Er pålitelig og stabil  
  • Er god på kommunikasjon og evnar å samarbeid tverrfagleg
  • Er løysingsorientert, med god gjennomføringsevne  

Vaksdal kommune kan tilby

  • Me har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving 
  • Me gjev uteljing på lønn for relevant vidareutdanning 
  • Hos oss får du faglege og personlege utfordringar, og du får moglegheit til å utvikle deg saman med oss 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Individuell oppfølging 
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vaksdal kommune orgnr: 989882201
Kort om arbeidsgiver

Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil.

Bueining for funksjonshemma er lokalisert i Elvevegen, i sentrum av Dale.

Vårt mål er å gje tenestemottakarane moglegheit til å leve og bu sjølvstendig, og til å ha eit aktivt og meiningsfullt tilvære, både individuelt og i fellesskap med andre. Personalgruppa i Elvevegen er samansett av vernepleiarar, førskulelærarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar, aktivitørar, pleiemedarbeidarar og assistentar.

 

Webside https://www.vaksdal.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse
Sted DALEKVAM (Adresse: Elvevegen 16 Postnr: 5722)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 6
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/13609c1f-f366-4763-bde8-b23a267fa42c
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/253910